Det har storma rundt Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete i det siste.

mm

Det har storma rundt Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete i det siste. Det har vore ei turbulent tid for henne. Det har ulma under overflaten i partiet. Det har vore mørke skyer på Senterparti-himmelen. Det har vore uklarheiter. Det har blitt stilt spørsmål. Og det har blitt spekulert i om all ulminga, storminga, spørjinga, skyinga og turbulensen eigentlig handlar om noko heilt anna enn det kan verke som.

Det har i det heile tatt vore ei fin tid for oss som er interesserte i politikk.

Og Navarsete har lagt seg flat og lova å jobbe med temperamentet og leiarstilen og bli flinkare til å møte menneske. Og vore på Skavlan.

Alt dette er vel og bra. Men det er meir i denne saka enn ein kan få inntrykk av. Det er ikkje over med dette. Vi som skriv i avis og jobbar tett på norsk politikk har framleis mange spørsmål vi gjerne vil stille Liv Signe Navarsete.

Eg har snakka med fleire av kollegaene mine som også skriv i avis – eg snakkar helst ikkje med nokon andre – og skrive ned fleire av dei spørsmåla vi gjerne kunne tenke oss å stille SP-leiaren for å komme til botns i alle sider ved denne saka, som jo djupast sett handlar om leiarkamp, ideologiske vegval og framtida for den raudgrøne regjeringa, demokratiet og Norge som sjølvstendig nasjon.

 

Her er nokre av spørsmåla vi vil stille henne:

Stemmer det at du har eit problem med temperamentet? 

Skal du gjere noko med det?

Kva skal du gjere med det? 

Kjem du aldri til å bli sint igjen nokon gong så lenge du lever?

Lover du det? 

Smil litt då!

Kvifor smiler du ikkje?

Ikkje ver så sur då!

Blir du sint no?

No då?

No?

No, kanskje?

No? No? No? No? No? No? No? No? No? No?

Ok. .. Men no?

Vil du seie at du er norsk politikks svar på Charlie Sheen? 

Du veit kanskje ikkje kven Charlie Sheen er? Bønder gjer gjerne ikkje det?

Likte du det spørsmålet? 

Eller synest du det var eit idiotisk spørsmål? Viss du synest det, så må du gjerne seie det. 

Kom igjen, få det ut, skjell meg ut! Du har lyst, ikkje sant?

Viss du kjenner etter, synest du ikkje då det er irriterande og ganske urettferdig at du ikkje kan få lov til å påpeike det heilt openbare: Nemlig at leiaren i Senterungdommen er ung, umoden, ikkje har peiling på kva ho snakkar om og ei pyse som ikkje taklar politikk på toppnivå og som dessutan ikkje våger å diskutere politikk, men i staden gjer seg til offer og gøymer seg bak ein innbilt strid om leiarstilen din? 

Kom igjen då, du kan seie det til meg?

Du kan kviskre det? Eg skal ikkje seie det til nokon.

Du har sagt at du har vestlandsk temperament? Påstår du at alle vestlendingar er hissigproppar heilt ute av kontroll? Er det det du påstår?

Hæ? Er det det du påstår? Hæ? Hæ? Hæ? 

Synest du det er irriterande at eg stiller dette spørsmålet igjen og igjen?

Blir du sint no? 

No då?

Kva viss eg klør deg litt under haka slik som dette? Blir du sint då?

Kva viss eg stiller meg opp framfor bildøra slik at du ikkje kjem deg herfrå? Og står her og seier «Ola Borten Moe er flink Ola Borten Moe er flink Ola Borten Moe er flink». Kor lang tid går det då før du blir sint? 

To minutt?

Eit halvt minutt?

No?

No? 

Kva viss er står i vegen for bildøra, seier «Ola Borten Moe er flink» igjen og igjen og kleiar deg på haka samtidig? Blir det litt mykje?

Eller kva om eg stikk fingeren min i skuldra di mange gonger etter kvarandre? Synest du det er litt irriterande?

Bør ikkje ein partileiar tole såpass?

Sånn mellom oss, synest du Ola Borten Moe er flink? 

Liker du Borten Moe? 

Eigentlig, meiner eg?

Er han ikkje litt skummel? 

Han er jo ei klyse, er han ikkje?

Eksploderer du snart no? 

Nei?

Sikker?

No då? 

Ok. Skal vi heller snakke om kvifor det berre er damer som ikkje klarer å beherske seg? 

 

Først publisert i Aftenposten 20. oktober.

LES FLEIRE ARE KALVØ-TEKSTAR HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

Kommentarar

ANNONSE