Situasjonen for einslege asylsøkjarar som blir sendt ut av Noreg når dei fyller 18 år, er tema i «De andre». Filmskaparen Margreth Olin presenterte dokumentarfilmen i Bergen denne veka.

NPK-NTB-Kjell Sletta
NPK-NTB-Kjell Sletta

– Med denne filmen ønskjer eg å løfte inn dei stemmene som aldri blir høyrde i asylsøkjardebatten. Det er politikarane og dei som arbeider innanfor feltet som får lov å definere korleis vi omtalar menneske på flukt, seier Olin som opna dokumentarfilmdelen av BIFF (Bergen internasjonale filmfestival) med denne filmen.

– Sårbare
– Gutane i filmen blir omtala som returnektarar den dagen dei blir 18 år. For meg er dei ikkje det. Dei er sårbare unge menneske. Eg ønskjer å gjere noko med oppfatninga vår og retorikken og korleis vi omtalar menneske på flukt. Og eg håper også at vi i Noreg vil gjere noko med omsorgssituasjonen for desse barna.

I filmen møter vi fleire unge gutar som bur på asylmottak med trugselen om utvising frå Noreg straks etter 18-års dagen hengande over seg.

Dei fleste opptaka er gjort på eit spesialmottak for unge asylsøkjarar i Bergen. Mottaket blei oppretta i 2009 då regjeringa stramma inn asylreglane. Ei av innstrammingane var at mindreårige einslege asylsøkjarar som ikkje hadde rett på opphald skulle sendast ut då dei blei 18 år.

LES OGSÅ: Engasjementet gir han styrke

Far drepen
Olin blei merksam på denne gruppa då ho arbeidde med filmen «Ungdommens råskap» i 2001. Ho besøkte eit mottak der ho trefte unge gutar som fortalde historia si.

– Det blei ei skjelsetjande oppleving for meg. Eg bad dei fortelje om seg sjølv framfor kameraet, og seks stykke spratt opp. Før eg visste ordet av det var det to av dei som fortalde at dei hadde sett sin eigen far bli drepen.

Etter denne første kontakta sette filmskaparen seg grundig inn i situasjonen til desse mindreårige asylsøkjarane.

– Eg blei opptatt av at desse ungdommane har eit butilbod, men dei har ingen omsorgssituasjon. Som mor veit eg at barn treng det, særleg barn som er så utsett som desse, seier ho.

LES OGSÅ: – Skuffande om ungdomsmakt

Vanskeleg
Margreth Olin er skuffa over at den raudgrøne regjeringa ikkje har følgt opp løfta når det gjeld einslege mindreårige asylsøkjarar.

– Med den kjennskapen eg har til dei mindreårige asylsøkjarane, såg eg føre meg at nokre av desse ungdommane kom til å bukke under då regjeringa innførte innstrammingstiltak i 2009. Eg tenkte at dette må eg dokumentere, seier Olin.

Det har ho gjort ved å la ungdommane som bur på mottak fortelje om seg sjøl og bekymringane sine og ved å besøkje stranda asylsøkjarar i Hellas.

Ein av ungdommane vi møter, Goli frå den kurdiske delen av Irak, kom til Noreg som 14-åring. Norske styresmakter ville utvise han etter at han var dømt for knivstikking, men venta til han hadde fylt 18 år. Då blei han sendt til Irak, sjølv om stefaren truga med å drepe han.

Så raskt han kunne, flykta han frå Irak att, men kom berre til Hellas. Der sit han fast blant andre asylsøkjarar. Han blir fengsla av styresmaktene i landet jamt.

LES SISTE FILMNYTT HER!

Ønskjer diskusjon
– Det eg håper kan komme ut av filmen, er ein diskusjon om omsorgssituasjonen til desse ungdommane, seier Olin.

– Filmen er eit vindauge inn til ei verkelegheit, til ungdom som lever på utsida av samfunnet vårt, noko som ikkje er bra verken for dei eller oss. Dette er også eit spørsmål om sikkerheit. Når ungdommane blir 18 år, så returnerer dei ikkje. Dei held fram med å leve på utsida av samfunnet, leve i omstende og nettverk der dei ikkje bør vere. Migrasjonen kjem ikkje til å minke i åra som kjem. Vi må takle det på ein god måte, seier Olin.

LES OGSÅ: – Sviktar mindreårige asylsøkjarar

Frå filmen.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE