Grøne sertifikat kan bli avvikla i 2020

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olje- og energiminister Ola Borten Mo seier til Nationen at når kraftverka er oppe og går, må dei klare seg sjølv.

– Ein sunn energimarknad er ikkje ein subsidiert marknad, seier Borten Moe og legg til at det ikkje er nokon garanti for at ordninga vil halde fram etter 2020.

LES OGSÅ: Elsertifikat er ein naturskandale

Dei grøne sertifikata, som vart innført frå 1. januar i år, er ei støtteordning for utbygging av fornybar straum. Henrik Glette i Småkraftforeningen håpar ordninga kan halde fram lenger enn til 2020, og peikar på at mange nye prosjekt står i kø. (©NPK)