9 av 10 les dette

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det starta med ei fluge i urinala på flyplassen i Amsterdam. Ved hjelp av eit klistremerke av ei fluge, vart mengda urin på golvet redusert med rundt 80 prosent.

I København fann forskarar frå Roskilde universitet ut gjennom eit forsøk med karamellar og karamellpapir at grønfarga fotavtrykk i retning søppelkassene gjorde at 33 prosent meir av karamellpapiret hamna i søppelkassa.

For å få folk til å bruke trappene og ikkje rulletrappene i Odenplan i Sverige, vart trappene gjort om til pianotangentar med lydar. Resultatet var at 63 prosent fleire enn normalt brukte trappene.

Samfunnsnyttig nudging
Alle desse forsøka kan oppsummerast med eit ord: «nudge». Eller direkte omsett til norsk: dult. Ein liten dytt som skal få folk til å frivillig gjere det fornuftige. Orda har skapt politisk blest og rørsler i blant anna England og Danmark, og har vorte eit trendord for politikarar, då nudging gjer det mogleg å få folk til å gjere samfunnsnytte utan tvang og forbod.

Omgrepet kjem opphavleg frå boka «Nudge – improving decision making about wealth, health and happiness» av Richard Thaler og Cass R. Sunstein. Inntil nyleg jobba Sunstein for president Barack Obama, medan Thaler har vore rådgjevar for David Cameron sin «nudge-unit».

Thaler og Sunstein meiner nudge kjem av at vi menneske ofte har ein del «biasar», eller sperrer, for å gjere det rette, fordi vi ofte handlar ut i frå vane eller gjer det som er enklast. Det trur Thaler og Sunstein gjer at vi stort sett oppfører oss som teiknefiguren Homer Simpson: Lite fornuftig.

QUIZ: Kor mange klarer du i klimaquizen vår?

Vil redde verda med nudge
– Eg har alltid vore oppteken av miljø og helsa til planeten. Då eg vart saman med Petter vart ambisjonane mine endå større, seier Gunhild Stordalen.

Etter at ho las ein kronikk i Dagens Næringsliv om verkemiddel i klimakampen, avtalte ho eit møte med kronikkforfattaren Steffen Kallbekken, noverande forskingsleiar på Cicero Senter for klimaforskning.

 I kjølvatnet av dette møtet vart organisasjonen GreeNudge stifta.

 – «Nudging» handlar om å plukke lågthengande frukt i klimakampen. Det er sjølvsagt berre ein del av løysinga, men små psykologiske «nudges» kan vere ein kostnadseffektiv måte å få til betydelege utsleppskutt her og no. Vi har blant anna testa ut om mindre tallerkenar i matbuffetar gjer at gjestene legg igjen mindre restar, seier ho.

Dette er eit kjent «nudgegrep» som har vore brukt av folk som slankar seg, for å kontrollere porsjonsstorleik og dermed kaloriinntak.

 – Dei førebels resultata er veldig lovande, og tyder på at mengda matavfall vert redusert betydeleg, seier Stordalen.

LES OGSÅ: Folk blir rausare av kultur

Nudge og organdonasjon
Det viser seg at 90 prosent av den norske befolkninga er positive til å vere organdonor, men det er ikkje like mange som faktisk har teke standpunkt til om dei vil vere organdonor eller ikkje. Dagleg leiar i Stiftelsen Organdonasjon, Hege Kuhle, utelukkar ikkje at dei kjem til å bruke nudging som ein av metodane deira i framtida.

– Vi prøver å opplyse så mange menneske som mogleg, men det er ikkje lett å nå ut til alle. Vi har laga ein app til smarttelefonar som har fungert veldig bra, seier ho.

I England har dei lenge hatt problem med å få folk til å melde seg som organdonor. I eit forsøk på å få fleire donorar har dei brukt nudge ved å leggje inn spørsmål om organdonasjon ein stad ein stor del av folkesetnaden må innom: det engelske vegvesenet. Ved fornying av førarkortet må ein altså svare ja eller nei til å vere organdonor. Denne måten å gjere det på er ikkje Hege Kuhle heilt samd i.

– Kva får du vita om organdonasjon når du skal fornye førarkortet? Vi synest det er viktig at ein får nok informasjon om det, seier ho.

LES OGSÅ: Fleire seier ja til organdonasjon

Nudge på universitetet
I Danmark er det gjort initiativ til eit nettverk for forskarar, offentlege organisasjonar, føretak og privatpersonar som er positive til forandringskrafta i nudge. Grunnleggjaren bak det danske nettverket inudgeyou.com og forskar ved Roskilde Universitet, Pelle Hansen, meiner at dialogen mellom vitskapen og samfunnet kan bli betre, og at nudge kan hjelpe.

 – I Danmark er ikkje samarbeidet mellom vitskapen og samfunnet så godt. Det er mange ting universitet kan bidra med til samfunnet, og viss ein kunne undersøkja potensial, bidreg det til positive resultat i samfunnet. Her har vi brukt nudge til noko positivt ved å lage ei plattform der alle kan bidra, fortel han.

Pelle Hansen fortel at dei har brukt nudge for å redusere straumforbruket på Roskilde universitet.

– For å få folk til å sløkke ljoset brukte vi primingplakatar og klistremerke. Ved lysbrytarane klistra vi eit bilete av ei hand som trykkjer på brytaren, og på plakatane rundt på campus står det «9 av 10 sløkkjer ljoset». Det har gjort at straumforbruket har gått ned med 20-26 prosent, seier han.

Straumsparing, miljøvennlegheit, og politisk gjennomslagskraft. Sjå opp for morosame påfunn i gatene i framtida – det kan hende nokre prøver å lure deg til å gjere noko fornuftig.

LES SAKA I UNIVERSITAS! (på bokmål)

Faktaboks

Nudge
Nudge tyder eit lite dytt for å få merksemd eller gje eit signal. Via nudge meiner fleire at ein kan leie menneske i ei anna retning enn det dei elles ville tatt.

Richard Thaler og Cass Sunstein skreiv boka «Nudge – improving decision making about wealth, health and happiness» i 2008 som har skapt politisk blest og rørsler rundt om i verda.

Døme på nudging
– Klistremerke av ei fluge i urinal – for å redusere mengda urin på golvet.
– Trapper med påteikna pianomønster og lydar – for å få folk til å ta trappene i staden for heisen.
– Påteikna fotspor mot søppelkassene – for å få folk til å kaste mindre søppel på gata.
– Plakatar der det står «9 av 10 sløkkjer ljoset» – for å få folk til å spare straum.