Startar kampanje for betre skulebibliotek

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For dårlege skulebibliotek

– Det er stor forskjell på kvaliteten i skulebiblioteka. Frå dei som har gode skulebibliotek til dei som ikkje har skulebibliotek i det heile tatt. Andre har eit skulebibliotek fordi dei må, men satsar ikkje på det, seier leiar Ingeborg Rygh Hjorthen i Norsk Bibliotekforening.

Lesing og informasjon
I brevet peikar foreininga på kor viktig eit godt skulebibliotek er både for å utvikle lesedugleiken og informasjonskompetansen til elevane.

– Er det nokon som kan satse på skulebiblioteka, er det jo rektorane på kvar enkelt skule. Difor sender vi brev til dei for å få dei til å satse på sitt skulebibliotek. Vi vil gjerne synleggjere korleis situasjonen er, seier Hjorthen.

På nettsida si lanserer Bibliotekforeningen ein kampanje der dei har lagt ut statistikk og gir tips til skulebibliotekansvarlege, lærarar, foreldre og elevar om kva dei kan gjere for å betre tilbodet på sin skule. Hjorthen håpar også at politikarane vil engasjere seg. Det finst ingen argument for å la vere å satse på skulebibliotek, meiner Bibliotekforeningen.

– Skulebibliotek er kjempeviktig som ein stad der elevane lærer informasjons- og digitalkompetanse. Den kompetansen har bibliotekarar, og det er viktig å lære tidleg. Forsking viser jo at barn trur dei har meir digital kompetanse enn dei eigentleg har, seier Hjorthen.

LES OGSÅ: Halve befolkinga brukar biblioteka

Tilgang
Skulane er ikkje pliktige til å ha skulebibliotek. Ifølgje opplæringslova er det nok med tilgang til bibliotek. I dag står 5 prosent av skulane i landet utan eige bibliotek. 16 prosent av grunnskulane brukar også skolebiblioteket som klasserom.

– Det er ikkje godt nok med nokre hyller i eit klasserom. Det må satsast på eit godt og attraktivt skulebibliotek som er bemanna og er ein del av heile læringsmiljøet, seier Hjorthen.

I brevet til rektorane peikar Bibliotekforeningen på at det er skuleleiinga sitt ansvar å leggje til rette for at skulebiblioteket får ein plass i opplæringa.

– Sørgjer du for at din skule har eit skulebibliotek med eige personale, som har fokus på lesing og som gir opplæring i digital kompetanse og nettvett? Utnyttar din skule til fulle skolebiblioteket som læringsarena i arbeidet til læraren med tilpassa opplæring? spør foreininga i brevet til rektorane.

LES OGSÅ: Røros er den beste kulturkommuna i landet

Blir flittig brukt
Statistikken viser at 68 prosent av dei ansvarlege ved skulebiblioteka ikkje har bibliotekfagleg utdanning. 20 prosent har noko bibliotekfagleg utdanning, mens berre 12 prosent har bibliotekfagleg utdanning på bachelornivå.

– Det er uroande og litt symptomatisk at det ikkje blir satsa godt nok på grunnskulane, mens det etter kvart har vorte ei betre satsing på biblioteka i vidaregåande skule, seier leiaren i Bibliotekforeningen.

Skulebiblioteka blir flittig brukt. 72 prosent av elevane brukar skulebiblioteket éin gong i veka eller oftare. Kvar elev låner 13,8 bøker kvar i året

LES OGSÅ: E-bøker til fleire folkebibliotek