Opnar for meir gift i maten
Mattilsynet vert kritisert for ønske om meir gift i maten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gift-forslag får hard kritikk
Mattilsynet får hard kritikk for at dei ønskjer å tillate auka grenseverdiar for det mest selde sprøytemiddelet i verda. Resultatet blir meir gift i maten.
Mattilsynet gjennomgår i desse dagar høyringsinnspela til forslaget om å auke grenseverdiane av 22 kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, blant anna glyfosat som vert brukt til tvangsmodning, skriv VG.
Dersom Mattilsynet får viljen sin og aukar grenseverdiane, kan resultatet bli meir gift i maten på det norske marknaden. Forskarar fryktar at auka bruk av glyfosat kan vere kreftframkallande, gi fosterskadar eller vere hormonforstyrrande, skriv avisa.
Både Forbrukarrådet og interesseorganisasjonar er sterkt kritiske og ser med bekymring på moglegheita for at grenseverdiane vert auka.
Mattilsynet ønskjer ikkje å kommentere saka. (©NPK)
Kva synest du om at det kan bli lov til å bli meir gift i maten?