Navarsete veit ikkje om ho vil halda fram

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veit ikkje om ho vil halda fram

Navarsete serverte ei orsaking utan atterhald til leiar i Senterungdommen, Sandra Borch, då dei to møttest tysdag for å snakka ut etter utskjellinga på Dyrøy.

– Eg gjekk langt over streken. Slike episodar skal ikkje gjenta seg, sa Navarsete til NTB, då ho og Borch møtte pressa under ein pause i sentralstyremøtet der leiarstilen til Navarsete var første punkt på dagsorden.

– Vi har snakka ut om hendinga, og det er gjeve ei orsaking utan atterhald, sa Navarsete.

LES OGSÅ: Navarsete med orsaking utan atterhald

Leiardiskusjon
Navarsete forklarte overhalinga ho serverte Borch på eit seminar om ungdomsdemokrati i Dyrøy i Troms 18. september som eit utslag av ein «slitsam» diskusjon som stadig går føre seg om kven som skal ta over som leiar i partiet når ho går av.

– Det starta faktisk allereie før eg byrja, og det kan vera slitsamt, sa ho.

Samtidig er partileiaren unnvikande på om ho vil halda fram i rolla.

– Eg har ikkje tenkt ferdig, sa ho på spørsmål om kva ho vil svara valkomiteen før neste landsmøte i Senterpartiet.

LES OGSÅ: Harde skuldingar mot Navarsete

Godteken
Sjølv sa Borch under pressekonferansen at ho godtek orsakinga, at ho no har tillit til Navarsete og at ho ikkje har vurdert å trekkja seg frå stillina som leiar for Senterungdommen.

Navarsete tok på si side opp att at ho ikkje kan endra personlegdom. Ho viste til at ho er vestlending og at ho har ein direkte stil som kan oppfattast som svært krass.

– Personlegdomen kan ein kanskje ikkje gjera noko med. Eg har temperamentet mitt og frimodet mitt. Det kan ein kanskje ikkje gjera så mykje med. Men korleis ein møter folk, kan ein arbeida med, seier Sp-leiaren. (©NPK)