17. oktober er dagen for å setje tennene i norske eple.

NPK
NPK

I 1990 tok Opplysningskontoret for frukt og grønt initiativet til å ha ein eigen norsk epledag. Valet fall på den 17. oktober, midt i sesongen for dei norske epla.

LES OGSÅ: Norsk epleproduksjon i bølgjedal

Eplet har røter i Kasakhstan og Kaukasus og kom til Noreg på 1300-talet då danske munkar oppdaga at Hardanger var veleigna for epledyrking. I dag er eplet den mest populære frukta i Noreg, og i snitt får kvar nordmann i seg rundt 12 kilo eple i året.

Berre eitt av ti eple som blir selde i Noreg er norskproduserte og mange ser fram til haustmånadene når desse er å finne i butikkhyllene. Dei norske epla nyt nemleg godt av lyse somrar og kalde haustnetter, noko som gjer at epla får tynt skal og blir fulle av smak.

Aroma er den største eplesorten i Noreg, med Rød Gravenstein på andreplass. Andre kjende sortar som blir dyrka i Noreg er Summerred, Rød Prins/Kronprins, Discovery, Åkerø og Julyred. (©NPK)

LES OGSÅ: Print ut eplekaka til mor di!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE