Nobelpris gav medlemsboom
Organisasjonen Nei til EU har opplevd stor medlemsauke etter at EU vart tildelt Nobels fredspris førre veke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nobelpris gav medlemsboom
Fredag førre veke kunngjorde Thorbjørn Jagland at fredsprisen 2012 gjekk til EU, ei avgjerd som Jens Kihl i organisasjonen Nei til EU gjekk ut og kalla "absurd".
Masseinnmelding
Den påfølgjande helga var det masseinnmelding i Nei til EU, melder organisasjonen i ei pressemelding.
Nei til EU, som har omlag 30000 medlemar på landsbasis, har nemleg fått heile 550 nye medlemar som eit direkte resultat reaksjonane på det fleire meiner var ei feilaktig grunngjeve fredsprisutdeling til EU.
– For Nei til EU er dette svært velkome, seier generalsekretær Vigdis Hobøl.
Are Kalvø: Skal vi dele ut fredsprisen?
Kontrovers gir mobilisering
Nei til EU har hatt fallande tilstrøyming av medlemmer dei siste åra, noko Hobøl meiner kan forklarast med at det har gått «for bra» på meiningsmålingane.
– Når mellom 75 og 80 prosent av folket seier nei til EU, tenkjer litt for mange at dei ikkje treng å vere aktive i EU-spørsmålet, seier generalsekretæren