– Kvitt er hot i haust

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho har skrive blogg i fire år. Mote har vore eit viktig tema i bloggen hennar. Sjøvoll har utdanna seg innanfor helse- og sosialfag på vidaregåande skule. Etter vidaregåande har ho jobba på Varhaug i ein bustad med multifunksjonshemma. Det er ein kjekk og spennande jobb, tykkjer ho. Når ho treff Bømlo-nytt ein onsdag i oktober er det avdi ho i fire år har skrive sin eigen blogg.

400 lesarar
– Eg var nok blant dei første bømlingane som byrja med blogging. No er det mange som bloggar. Dei fleste er jenter. Det er nokre gutar som har blogg også, men dei er nok ikkje så “bloggale” som oss jenter, seier ho med eit smil. Talet på lesarar som følgjer bloggen hennar, anita92.blogg.no, har variert. Men på det meste har det vore opp mot 400 lesarar (unike brukarar) kvar dag. Då har bloggen hennar vore blant dei mest lesne i Bømlo. Onsdag i førre veke låg Anita92 på tredjeplass på Bømlo på topplista til blogg.no. Nett då var ho berre slått av 18-åringane Ida Kolbjørnsen og Karin Pedersen.

LES OGSÅ: Vil vise deg billeg mote

Nye klede
Om ikkje mange dagane fyller Anita 20 år. Men kva var det som gjorde at ho byrja blogga som 16-åring i 2008?

– Eg las fleire bloggar på nettet, og eg tykte det såg interessant ut. I starten hadde eg ikkje så mykje å koma med, men i løpet av dei siste par åra har eg blogga stort sett kvar dag, svarer ho. Ofte er det moterelatert innhald som slår best an i bloggane, men Sjøvoll skriv også om mykje anna som opptek henne.

– Eg er medviten om kva eg skriv om og korleis overskrifta ser ut. Eg veit sjølv at eg ikkje ville vera så interessert å lesa ei rein dagbok der ein berre skriv at ein har vore på skulen eller på trening. Då legg eg heller ut bilete dersom eg har kjøpt nokre nye klede, og så spør eg kva folk synes. Eller om eg lagar noko god mat, så tek eg bilete og fortel korleis eg har laga det.

Kjekke tilbakemeldingar
Kor ofte ein bloggar, har med inspirasjon å gjera. Om ein ikkje vil blogga ei stund framover er det viktig å vera ærleg på det i bloggen, meiner ho. Sjøvoll seier ho vurderte å slutta med bloggen sin. Men med mange positive tilbakemeldingar på val av klede vart ho inspirert til å halda fram.

– Kven er det du får tilbakemeldingar frå? Er det stort sett bømlingar?

– Det er alle slags mogelege folk frå mange stader. Mange av venene mine har dessutan reist ut for å studera, eller dei er i millitæret. Det at eg har blogg gjer at me også kan halde kontakt via den, seier Sjøvoll.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Burgunder og mørke fargar
Vårens fargar gjekk i pastell. No, når hausten er her for alvor, blir det mindre lyse og skarpe fargar i butikkane. Framleis finst det nokre lyserosa klede å sjå, men no er det meir dei mørke fargane som dominerer, fortel Anita. Det går mykje i svart, gull, grått, mørkeblått, og burgunder. Burgunderfargen er det hottaste i haust, meiner ho. Men også den snøkvite fargen er populær. Klede og sko med naglar er også på moten.

– Handlar du mest på nett, her på Bømlo eller i byar som Haugesund og Bergen?

– Eg handlar mykje på nett, men finn eg noko fint på Svortland så kjøper eg her. Eg handlar også på Stord, i Haugesund og i Bergen. Det varierer.

Ikkje alle kler alt
– Kva tenkjer du om moten. For mote er jo noko som skiftar. Tykkjer du alt er like fint?

– Nei. Men det er mykje som er stilig. Sjølv om det er mykje fint som er på moten, er det ikkje alt eg kunne tenkje meg å gå i. Lakk-klede til dømes. Det er klede som kan vera veldig fine på andre. Av det som er på moten nett no er det mykje både fint, rocka og sexy. Litt av alt på ein gong.

– På bloggen din har du mellom anna sagt kva du tykkjer om andre bloggar. Er det andre som har gjort det same med din blogg?

– Ja, det er kjekt. Eg har fått mange gode tilbakemeldingar. Mange bloggarar i dag er veldig unge. Dei er ofte i alderen 12-17 år. Det at eg no fyller 20 gjer gjerne at eg skil meg litt ut, seier Sjøvoll.

LES OGSÅ: Drøymer om å designa klede for Lady Gaga

Ikkje for personleg
Etter fire år med blogging er ho no ein røynd bloggar. Kva råd vil ho så gje ungdom som vil byrja med blogg?

– Det er så klart skilnad på når ein har ein liten blogg i høve til ein toppbloggar, der veldig mange les det ein skriv. Men uansett er det grenser for kor personleg du skal vera på ein blogg. Vil du skriva ned dine mest personlege tankar er det betre å gjera det i ei dagbok. Du må tenkja på at det du skriv blir verande på nettet. Sjølv etter at du har sletta det frå bloggen kan det dukka opp att på søkjemotorar der alle kan finna det. Du skal ikkje fortelja folk kor du bur. Men det er veldig kjekt å skriva blogg. Eg kan anbefala det, seier Sjøvoll. Ein fordel er at ho som bloggar kan delta i ulike konkurransar. Då hender det at det vankar fine premiar som av og til dumpar uventa ned i postkassa.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!