– Nobels fredspris til EU er absurd

Nei til EU meiner at EU har gjort lite for å skape fred i verda og kallar fredspristildelinga absurd.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Absurd fredspris

– EU har svært lite å vise til når det gjeld å skape fred i verda. EU legg tvert imot opp til ei kraftig militær opptrapping i åra som kjem, seier leiar i Nei til EU Heming Olaussen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Eit fredens kontinent

Olaussen kritiserer EU for å satse hardt på sitt eige atomforskingsprogram, føre ein umenneskeleg flyktningpolitikk og å takle euro-krisa på ein måte som fører til større sosial naud.

Styremedlem Jens Kihl i Nei til EU stiller seg bak kritikken og meiner prisen er djupt upassande.

QUIZ: Kva veit du om EU? Og kva veit du om fredsprisen?

– Spør du ein småbarnsfamilie på gata i Aten eller ein av dei mange millionar arbeidslause i Spania, trur eg dei opplever det som absurd at EU skal få fredsprisen. Det er EU på sitt minst humane vi ser i Europa i dag, seier Kihl til Nationen. (©NPK)

Kva synst du om tildelinga av fredsprisen til EU?