Prisar Gunstein Bakke i Odda og Frankfurt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisa i Odda og Frankfurt

European Union Prize for Literature vart delt ut for 4. gong i år. Prisen er organisert av Europakommisjonen, og eit samarbeid mellom europeiske organisasjonar for bokhandlarar, forleggjarar og forfattarar.

Bøkene til dei 12 prisvinnarane vil vere ekstra synlege under bokmessa i Frankfurt og også på den kommande Passa Porta-festivalen i Brussel.

Ifølgje forlaget Oktober medfører prisen som regel også økonomisk støtte til omsetjing av bøkene.

I godt selskap
Bakke fekk prisen for romanen som kom i fjor, «Maud og Aud. Ein roman om trafikk». Her heime vart boka nominert til Brageprisen så vel som til P2-lyttaranes romanpris, årets beste nynorskbok i Dag og Tid og Sørlandets litteraturpris.

Andre prisvinnarar i Frankfurt var Anna Kim (Australia), Lada Žigo (Kroatia), Laurence Plazenet (Frankrike), Viktor Horváth (Ungarn), Kevin Barry (Irland), Emanuele Trevi (Italia), Giedra Radvilaviciute (Litauen), Piotr Pazinski (Polen), Afonso Cruz (Portugal), Jana Benová (Slovakia) og Sara Mannheimer (Sverige).

LES SISTE BOKNYTT HER!

Heidra i Odda
I går kveld fekk Gunstein Bakke Melsomprisen. Prisen vart delt ut av forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard, under opninga av Litteratursymposiet i Odda.

Prisen vert delt ut årleg til ein forfattar eller omsettar som året før har gitt ei verdifull bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». Prisen vert styrt av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og er på 40 000.

Tidlegare vinnarar av prisen er mellom anna Jon Fosse, Maria Parr og Edvard Hoem.

– Melsomprisvinnaren 2011 tar lesaren med inn på velkjente, men òg uoversiktlege vegar. For her er vegen ikkje berre målet, men òg sjølve åstaden. Vegen er romanens estetikk. Vegen er romanens språk, med bratte kurver, uventa dumpar, mørke avstikkarar, skriv juryen om romanen ”Maud og Aud” som har undertittelen: ”Ein roman om trafikk”.

Faktaboks

– Gunstein Bakke er ein norsk forfattar fødd i 1968
– debuterte med romanen Kontoret i 2000
– utdanna cand.mag. med fransk, idéhistorie og litteraturvitskap
– saman med Eirik Ingebrigtsen initiativtakar og redaktør av antologien Respons 22/7.
– nominert til Brageprisen for Aud og Maud. Ein roman om trafikk i 2011.

Les meir på Wikipedia!