Klimatårn overraskar svenske forskarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skogen forbløffar forskarar

Sverige har fått opp den første masta i det som skal bli eit europeisk nettverk av klimatårn, som skal måle utsleppa av drivhusgassar i ulike økosystem. Og målingane overraskar allereie forskarane.

Den hundre meter høge målemasta, som er sett opp i eit skogområde ved Björklinge i Aust-Sverige, gir litt andre resultat enn det forskarane venta. For mens det har vore sett som sjølvsagt at skog tar opp i seg meir karbondioksid (CO2) enn han slepper ut, ser det ikkje ut til å vere heilt slik i dei svenske skogane.

– Denne skogen gir faktisk frå seg meir CO2 enn han tar opp. Det var ikkje det vi hadde venta oss. Årsaka er at det er ei høg forbrenning av karbon i jordsmonnet, og kvifor det er slik, grublar vi på, seier professor i naturgografi Anders Lindroth ved Lunds universitet til det sveske bladet Ny Teknik.

Påverkar politikken
Lindroth, som er leiar for den svenske delen av det europeiske Icos-prosjektet (Integrated Carbon Observation System), trur at mastene kjem til å forandre klimapolitikken. Vi kjem til å sjå at det som til no har vore gjort for å redusere mengda drivhusgassar i atmosfæren, ikkje har hatt nokon effekt, trur han.

– Da kjem vi til å sjå sanninga: Vi bokfører utsleppskutta, men ingenting skjer i atmosfæren. Det er det som finst i atmosfæren som påverkar klimaet, og det er viktig å vite at det verkeleg skjer ei endring der, seier han.

PRØV DEG PÅ DEN STORE KLIMAQUIZEN!

Icos-mastene skal måle førekomsten av karbondioksid, metan og lystgass i ulike økosystem over heile Europa. Ved hjelp av laserspektroskopi skal mastene gi nøyaktige målingar av gassane frå bakkenivå og heilt opp til 150 meters høgd. Måleresultata skal etter kvart både lek og lærd kunne følgje med på via ein eigen nettportal.

Noreg har ikkje vore aktivt med i førebuinga av målenettverket, men kjem truleg med i den neste fasen, går det fram av nettsida til Icos-prosjektet. (©NPK)