Færre menneske i verda svelt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

868 millionar er no utan nok mat, ein nedgang på 13,2 prosent sidan 2010, melder FN-organisasjonen for mat og jordbruk FAO.

Nedgangen er gledeleg, men 868 millionar sveltande er likevel 868 millionar for mange. Endå verre er det at den globale kampen mot hungersnaud ser ut til å bli svekt, heiter det i 2012-rapporten om matsikkerheit frå FAO, som vart lagt fram i Roma tysdag.

– I perioden frå 2010 til 2012 var nesten 870 millionar menneske verda over kronisk underernærte. Talet på menneske som svelt rundt om i verda er framleis uakseptabelt høgt, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: 663.000.000 færre ekstremt fattige

– Vi lever i ei tid med større tekniske og økonomiske moglegheiter enn nokon gong før. Då er det umogleg å godta at meir enn 100 millionar barn under fem år er underernærte, seier FAO-sjef José Graziano da Silva.

I 2009 passerte kampen mot svolt ein milepæl, då talet på menneske som var ramma av hungersnaud for første gong sokk under éin milliard. Men framleis manglar kvar åttande av innbyggjarane på jorda mat, slår FAO fast. (©NPK)

LES SISTE UTANRIKSNYTT HER!