Verdas beste reisebyrå

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det mest ufordrande med å gå på UWC?

– Å slutte.

Marius Heiberg (20), Susanne Hoggen Kippersund (20) og Jacob Mørch (19) er ikkje i tvil. Dei siste to åra av vidaregåande gjekk dei på det som kanskje best kan skildrast som ein slags folkehøgskule med skikkeleg smarte folk. Eller verdas beste reisebyrå.

Mot fred og berekraft
Historia om United World College byrja i 1962. Femti år seinare er UWC eit nettverk av tolv skular i like mange land. Noreg har éin skule, som ligg i Sogn og Fjordane. UWC vil foreine menneske, nasjonar og kulturar gjennom utdanning. Målet er ikkje mindre enn fred og ei berekraftig framtid.

Som Jacob seier:

– Det blir ofte dei same klisjeane når ein snakkar om UWC.

LES OGSÅ:Kritisk utanlandserfaring

Det var stefaren til Marius som kalla UWC ein folkehøgskule for skikkeleg smarte folk. Først vart Marius litt fornærma. Så tenkte han seg om.

– Det er kanskje eigentleg akkurat det UWC er, seier han.

Ein global familie
Marius gjekk på UWC i India, Susanne i Costa Rica og Jacob i Wales. Dei har ikkje kjent kvarande så lenge. Men så har dei på ein måte det likevel.

– Har ein gått på UWC så har ein alltid noko felles å snakke om, seier Susanne.

– Eg gjekk med UWC-genseren min på ein flyplass ein gong. Då kom ein framand mann i førtiåra bort og gav meg ein klem. Han hadde òg gått på UWC, fortel Jacob.

Har ein først blitt ein del av den globale familien, slepp ein visstnok å betale for hotellrom nokon stad.

– Er ein tapt på ei strand i Miami, kan ein slå på tråden til ein eller annan tidlegare UWC-student, seier Jacob.

– Nokon kallar UWC for verdas beste reisebyrå, legg Susanne til.

BRANNSLØKKING: Ein viktig del av UWC-skulen er samfunnsarbeid. Marius Heiberg sløkte brannar i India. Foto: Privat

Endring
Når Marius, Jacob og Susanne møtast på Elefanten i Bergen sit snakketøyet laust. Ikkje før den eine er ferdig å fortelje, byrjar den andre. Åra på UWC var ei bratt læringskurve for dei tre.

– Ein går frå null til hundre i sjølvstende, meiner Jacob.

– Og ein lærer at verda ikkje er så enkel som ein kanskje trudde. Eg har eit mykje meir nyansert bilete enn før og eg er interessert i nyheiter frå alle moglege stader, fordi eg kjenner folk der, seier Susanne.

LES OGSÅ:– Ingen fare for Erasmus-studentar

– Eg har blitt mykje opnare mot nye folk og har lettare for å leve meg inn i andre sin situasjon enn før, fortel Marius.

Dei pratar i veg. Om korleis stader og folk er så mykje meir enn ein skulle tru. Om kor spanande folk faktisk er. Og om kor vanskeleg det kan vere å komme heim.

– Somme gonger er det vanskeleg å halde maska når ein høyrer vener og kjende snakke om bekymringane sine her heime. Samstundes kan ein ikkje gå rundt med peikefingeren og preike om barna i Afrika heile tida, seier Susanne.

Intens kvardag

Når dei tre skal skildre UWC-kvardagen dukkar ordet ”intenst” opp ganske fort.

– Ein er aldri åleine og får ikkje så mykje tid til å sakne livet heime, seier dei.

I tillegg til ein tettpakka timeplan og hundrevis av vener rett i nærleiken, er samfunnstenesta eit viktig element i skulen. Elevane skal gje noko tilbake til lokalsamfunnet.

I India arbeidde Marius med å sløkkje brannar. Susanne var engelsklærar og arbeidde i barnehagar for vanskelegstilte i Costa Rica. Jacob har patruljert walisiske strender som del av livvaktstenesta.

Ei veke i året vert pensum og fritid lagt på hylla, til fordel for samfunnsarbeidet. Susanne arbeidde på eit sjukehus i Nicaragua, Jacob var på språkutveksling i Frankrike, og Marius arbeidde med gatebarn i Deli.

– Å gå på UWC er å vere del av eit gjevande samfunn, meiner Marius.

Stivt opptak
Opptaket til UWC går gjennom nasjonalkomiteane, som arbeider i over 140 land for å rekruttere, velje ut og klargjere meir enn tusen elevar årleg.

Og opptaksprosessen kan vere ganske stiv, ifølgje UWC-alumniane. Dei fortel om motivasjonsbrev der det ikkje nyttar å skryte seg for langt bort frå røynda.

– Eg hadde nemnt golf i søknaden min. På intervjuet vart eg bedt om å forklare eit sett golfreglar. Det nyttar ikkje å bløffe, ler Jacob.

Marius fortel om kor nervøs han var før intervjuet. Utspørjarane veksla mellom engelsk og norsk, og spørsmåla var ikkje små.

– Dei spurde mellom om korleis eg ville representere landet mitt som ein ambassadør for Noreg, fortel han.

Dei håpefulle søkarane kan komme med ønskje om kva skular dei vil gå på, men det er komiteane som til sist avgjer kvar du hamnar i verda.

LES OGSÅ:Praksis i grenseland

UWC-elevane følgjer International Baccalaureate (IB)-programmet. Susanne, Marius og Jacob legg ikkje skjul på at overgangen frå norsk vidaregåande skule til tider var stor.

– Det var ein del typiske skilnader mellom land. Vi frå Noreg var kanskje betre i reflekterande fag, medan asiatiske studentar låg eit stykke føre oss i matematikk til dømes, fortel dei.

Utreisetrong
Eitt år er gått sidan Susanne og Marius reiste frå internatskulane i India og Costa Rica. Jacob kom heim i vår. I Bergen går dei vidare kvar til sitt.

I dag studerer Susanne psykologi på Universitetet i Bergen, medan både Marius og Jacob går på Norges Handelshøyskole.

– Eg går vel på Handelshøgskolen til tross for at eg gjekk på UWC, ler Marius.

UWC har dei likevel med seg vidare. Utreisetrongen er født.

– Det blir utveksling ved første høve, seier Jacob, til samtykkjande nikk frå dei andre to.

Les meir om utveksling og studiar i utlandet her!


SOSIALT: Ein er aldri åleine når ein går på UWC. Klassen til Marius rafta på Ganges ved fotenden av Himalaya. Foto: Privat