Laks i kjempetankar kan true norsk eksport

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette kan true norsk eksport

Til våren kjem den første laksen frå danske Langsand Laks i sal, marknadsført som miljøvenleg og heilt fri for dei luseproblema som har heimsøkt dei norske oppdrettarane, skriv Aftenposten.

– Dette er det største anlegget i verda kor heile lakseoppdretten går føre seg på land. Eg har stor tru på at vi vil lukkast med dette prosjektet. Dersom det går bra, vil vi auke produksjonen i Danmark på Langesand Laks og etter kvart ekspandere til USA med Atlantic Sapphire, seier prosjektkoordinator Thue Holm i Langesand Laks til avisa.

LES OGSÅ: Fattige fiskarar fryktar norsk laks

Sparer transportkostnader
Også i USA, Canada og Kina produserer ein no laks som aldri har vore i sjøen. I Noreg tilbringer laksen også ei tid på land, men når han har utvikla seg til å tole saltvatn vert han sett i merdar i sjøen.

I USA produserer norske Per Heggelund landbasert laks frå Seattle gjennom selskapet SweetSpring Salmon.

– Eg trur vi kjem til å sjå at laks i framtida i stadig større grad vil bli produsert i landanlegg i nærleiken av dei store marknadene. Sjølv om det er dyrare enn lakseoppdrett i norske fjordar, sparar vi mykje på transportkostnader. Å fly laks frå Noreg til USA kostar 7– 8 kroner per kilo, seier Heggelund til avisa.

LES OGSÅ: Så viktig er fisken for Noreg

Fryktar ikkje konkurranse
Den norske laksenæringa fryktar ikkje den landbaserte konkurransen frå utlandet.

– Dei utgjer ikkje ein trussel for norsk eksport, og det er ein utopi å tenkje seg at heile lakseproduksjonen skal over i lukka anlegg på land, seier kommunikasjonssjef Are Kvistad i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening til Aftenposten.

Han viser til at sterke straumar og djupe fjordar gjer norskekysten svært godt eigna til å produsere laks i opne system i havet. (©NPK)