Fryktar mangel på pinnekjøt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lammesesongen har dette året vore forseinka grunna mykje regnvêr på Vestlandet. Samvirket Nortura vil no ha billegare toll på lam for at det ikkje skal oppstå mangel på pinnekjøt til jul, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Prognosane tyder på at det er fornuftig å leggje til rette for import no. Etterslepet i lammesesongen og den store etterspurnaden gjer at vi ynskjer å vere føre var, seier informasjonssjef Eli Strand i Nortura.

LES OGSÅ: Pinnekjøt tek innpå

Strand understrekar at det ikkje er noko dramatisk i situasjonen, men seier at selskapet ynskjer å vere tidleg ute for å unngå ein såkalla «pinnekjøtkrise».

Lammekjøt, og særleg pinnekjøt, er blitt meir populært dei siste åra.

– Pinnekjøt er den typen julemat som har hatt sterkast vekst dei siste åra, så difor er det viktig å vere budd på stor etterspurnad, seier Strand.

LES OGSÅ: Slaktar pinnekjøt-telefon

Før jul i fjor utførte Synovate ei undersøking om kva nordmenn har til julemiddag. Der kom det fram at 35 prosent serverer pinnekjøt, medan 55 prosent har ribbe til julemiddag. Pinnekjøt er mest utbreidd på Vestlandet. Sju av ti vestlendingar sa at dei åt pinnekjøt på julaftan i fjor. (©NPK)