Fløymer over av erotikk og sybøker

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erotikk og sybøker på topp

Skal ein ta inn over seg bokhandlarane sine bestseljarlister, får mange nordmenn erotisk litteratur og bøker om sying og strikking under juletreet i år. 

Dag H. Nestegard, leiar for bransjenettstaden Bok og Samfunn, er uroa over at erotikk og handarbeidsbøker tronar øverst på bestseljarlistene.

LES OGSÅ: Nynorske bokhandlarar stiller ut få nynorske bøker

– Vi treng å verne norsk språk og kultur
Dag Nestegard uttalte nyleg i ein artikkel på Bok og Samfunn at det er «dårleg tilgang på god litteratur» og at det er eit problem at «Sju forlag i Oslo bestemmer kva folk i distrikta skal lese». Han trur den smalare litteraturen kan vere på veg ut av bokhandlar- og kioskhyllene i framtida viss ein slepp marknaden heilt fri:

– Det er nok framleis eit faktum at Noreg et eit lite land i verda. Difor treng vi å verne norsk språk og kultur mot internasjonale aggressorar som Apple, Amazon og Google Books, meiner redaktøren.

– Slepp ein marknaden heilt fri, slik som til dømes svenskane har gjort, kjem hyllene til å fløyme over av krim og kokebøker og lite anna, åtvarar han.

– Ein må hugse at det tar tid å utvikle gode forfattarskap. Ein seier gjerne at 5-6 bøker må til før ein forfattarskap verkeleg kan ta av. Tomas Espedal er eit godt døme på det, seier Nestegard.

LES OGSÅ: Helge Torvund: −Nye norske nynorskpoetar har noko å seia

Nestegard meiner det kan vere eit problem at lesarane berre får tilgang til dei mest populære bøkene om sex og strikking når dei handlar pølse på Narvesen, og legg vekt på kor viktig det er med personleg kontakt når ein skal kjøpe bøker.

– På nett har du ingen du kan spørje i kassa når du skal kjøpe bøker. Ein kan lettare la seg lokke til å bruke pengar på dårleg litteratur som ein eigentleg ikkje er interessert i, seier han.

Nestegard har jobba med journalistikk på ulike måtar heilt sidan internett slo gjennom midt på nittitalet. Han meiner handarbeidsbøker alltid har stått sterkt, men at den strukturelle omlegginga til meir handel på nett har fremja salet av erotiske bøker:

– For den erotiske litteraturen har nok e-boka ein del å bety. Gyldendal har selt fleire tusen e-bøker av Fifty Shades, og det er mykje etter norsk målestokk. Handarbeid er ein sterk norsk tradisjon som kanskje særleg er knytt til hausten, meiner han.

LES OGSÅ: Bokhandelkjede krev 74% av bokprisen

Boklov vil vere bra for distrikta og nynorsken
Nestegard meiner ein bør legge til rette for like konkurransetilhøve for smale bøker, noko som også vil kome nynorske bøker til gode:

– Ei boklov med fastpris som kjerne vil styrke smal litteratur og ta vare på breidda. Ei slik lov vil også vere bra for nynorsken, hevdar han.

Det eine utelukkar med andre ord ikkje det andre:

– Eg meiner definitivt at kulturelle argument er viktigare enn kommersielle. Vi vil jo alle at dette vesle landet også i framtida skal kunne kalle seg ein kulturnasjon. Dessutan er det tull at nynorsk ikkje er kommersielt. Dette har Samlaget seinast bevist med boka om Patti Smith, argumenterer redaktøren.

Det vil vere viktig å bryte opp monopolet til dei store bokkjedene. Det meiner Nestegard, som trur bokhyllene i Bremanger hadde sett annleis ut med større grad av desentralisering i bransjen:

– Då ville ein fått fleire nynorskbøker og fleire bøker frå lokale forlag, som til dømes Selja og Skald, seier han.

LES OGSÅ: Forleggarar meiner bokhandelkjedene bestemmer meir og meir 

– Erotika er trenden akkurat no
Anette Garpestad, også kjend i bloggverda som «bokdama», er redaktør for Forlagsliv, og har nærare 20 års fartstid i ulike delar av bokbransjen. Tidlegare i haust gjekk ho hardt ut mot Fifty Shades-bøkene, og hevda desse ikkje levde opp til hypen i det heile tatt, og at dei slettes ikkje var så pirrande. Ho meiner at dei lokale bokutsala rundt omkring i landet sjølv veit best kva bøker deira lesararar har lyst på.

Garpestad vurderer suksessen til den erotiske litteraturen som ein del av svingande trendar i marknaden, ikkje nødvendigvis som eit symptom på at det er noko gale med bokbransjen i seg sjølv:

– Det er alltid trendar og symptom i bokbransjen. Erotika og sybøker er ikkje teikn på noko meir grunnleggjande og strukturelt, det er berre akkurat det som er trenden akkurat no, meiner ho.

På den eine sida balanserer «Bokdama» inntrykket av at den smale litteraturen vert meir og meir skvisa ut:

– Vi har uansett alltid hatt ordningar som tek vare på tilgjengeligheita også for litteratur som ikkje kjem seg inn på bestseljarlistene. Dette visast ekstremt godt igjen i mengder av litteraturhus og litteraturfestivalar i dette landet. Eg trur ikkje noko anna land kan vise til noko som liknar ein gong. Og det er nesten alltid folk på myldret av arrangement, hevdar Garpestad.

LES OGSÅ: Nynorsk barnelitteraturfestival kapra Erik Thorstvedt

– Uklokt å ikkje tillate lokal tilpassing
På den andre sida er den tidlegare bokhandlaren er likevel samd med Nestegard i at den kommersielle marknadslogikken til ei viss grad straumlinjeformar utvalet bøker ein møter i kiosken og bokhandelen – på ein måte som går ut over mangfaldet:

– Eg synest det er problematisk at bokhandlarkjedene snevrar inn utvalet sitt. Å straumlinjeforme ei heil kjede etter mal frå Oslo kan absolutt vere problematisk, trur Garpestad.

Garpestad har budd i Oslo i fleire år, men har tidlegare jobba i bokhandel på Vestlandet, og meiner det er eit kommersielt argument å tilpasse utvalet bøker i kiosken eller bokhandelen til den lokale kundemassen:

– Eg synest fleire av kjedene gjer uklokt i å ikkje tillate lokal tilpassing i større grad. Det som sel i Stavanger, sel ikkje nødvendigvis i Bodø. Røynsla mi frå å ha jobba i bokhandel i Bergen tilseier at det lokale tilsnittet er heilt avgjerande for bokhandelen, seier ho, før ho legg til:

– Og det eg ser er at nisjebokhandlarane faktisk gjer det bra.

Sjølv om Garpestad er kritisk til straumlinjeforminga av bokutsala rundtomkring i landet, har ho eit tvisyn som også skaper forståing for det å drive butikk:

– Men ein føresetnad for å drive butikk er framleis at det skal løne seg, og med høge kostnader for husleige og personal, så må butikkane òg satse på det som sel, legg ho til.

LES OGSÅ:   Inger Bråtveit er ute med si fyrste barnebok – Kven er stillast av far og mor?

Vil ha regulering
Fordi den meir marginaliserte kulturen er avhengig av faste rammer, håper Garpestad på ei boklov som regulerer litteraturmarknaden, slik at strukturane og rammene for kulturen held fram å vere slik dei er no.

– Eg håpar på ei boklov, slik at litteraturen kan ha dei same rammene uansett kven som tilfeldigvis styrer landet, seier ho.

Garpestad spør også om ikkje det er slik at kulturpressa har eit ansvar for å motverke dei sterke kommersielle interssene til dei store selskapa:

– Blir det fokusert nok på den delen av litteraturen som ikkje er bestseljarlitteratur i kulturpressa? Er det slik i dag at du allereie må ha eit namn for å bli meldt og omtalt i pressa? Og kor interessant blir kulturjournalistikken når det blir meir tabloid fokus, når den ikkje utfordrar eller tilfører oss noko nytt? Kva skal til for å faktisk bryte igjennom,spør Garpestad.

Kva meiner du? Diskuter nedanfor!