Bokhandelkjede krev 74 prosent av bokprisen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev 74% av bokprisen

– Det er ikkje mogleg for oss å overleve med desse vilkåra, seier fleire forleggjarar til Aftenposten.

Dei ynskjer ikkje å stå fram i avisa i redsle for å bli utestengde frå den største bokhandlarkjeda i Noreg. Norli Libris har 164 butikkar og står for 37 prosent av omsetjinga i bokmarknaden.

– Seks kroner per bok
Medan bokhandlarane fram til no har kravt 50 prosent i det dei kallar for rabatt av forlaga, skal den største kjeda no forlange opptil 74 prosent. 

Av ei bok som kostar 300 kroner i bokhandelen, kan forlaget sitje att med så lite som 78 kroner. Små og mellomstore forlag får dei dårlegaste avtalane.

– Eg sit att med maksimum seks kroner per bok dersom eg skriv under på denne avtala, seier ein forleggjar.
I avtalane, som er hemmelege, skal Norli Libris også krevje ei tilleggsavgift om boka blir seld via ein nettbokhandel. Forlaga må også punge ut for fordelaktig plassering i butikken.

– Kartellverksemd
Det er dei største forlaga som eig dei største bokhandelkjedene, og Konkurransetilsynet er svært kritisk til ordninga.

– Vi kallar dette for kartell. Det gjer at det blir høgare prisar til forbrukarane enn strengt tatt nødvendig, seier konkurransedirektør Christine Meyer.

Norli Libris ynskjer ikkje å kommentere noko som har med prisar og avtalar mellom bokhandelkjeda og forlaget å gjere.