Jaktar lokal ungdom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politiet jaktar lokal ungdom

– Me vil gjerne at fleire ungdomar frå Sogn og Fjordane søkjer seg til Politihøgskulen, seier Bente Mari Frøysa, praksisansvarleg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Langsiktig
Torsdag var det informasjonsdag og prøveopptak ved Sogndal Vidaregåande skule. Målet er å betra rekrutteringa av ungdom frå fylket til politiet og med det auka sjansane for at fleire vel å slå seg til ro i heimfylket etter endte studiar.

– Me tenkjer langsiktig, seier praksisansvarleg Frøysa, som trur opplegget kan verta ei årleg satsing.

LES OGSÅ: Politiskulen 2

Testing
Målgruppa er i utgangspunktet elevar i 3. klasse på vidaregåande, eller tilsvarande aldersgruppe. Til saman var det 32 som møtte fram: tre på Eid, sytten i Florø og tolv i Sogndal.

Dei som hadde møtt fram på Sogndal vidaregåande skule torsdag fekk ei kort orientering om politiutdanninga og opptakskrava til Politihøgskolen. Ein betjent frå Sogndal lensmannskontor fortalde om sitt yrkesvalg og arbeid i Sogn og Fjordane, i tillegg fortalde nokre av Politihøgskule­studentane, som no er i praksis i kommunen, om sine erfaringar.

LES OGSÅ: Slaktar halve politiutdanninga

Draumejobben
Hanna Menes (21) frå Balestrand tek årsstudium i bedriftsøkonomi ved HSF. For ho er det å koma inn på politihøgskulen ein stor draum, men noko ho trur vil kreva mykje både fysisk og mentalt. Å få høyra kva som skal til frå nokon som sjølve har vore gjennom det, var motiverande, seier ho.

– Etter i dag er eg absolutt meir overbevist. Tvilen har vore at det er for vanskeleg å koma inn. Dagen i dag har gjeve mot til å søka, på trass av at det er vanskeleg, seier Menes.

LES SAKA I SOGN AVIS!