Målpris til Kaizers-Janove

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På ein ny, spennande og uredd måte har Ottesen og Kaizers fremja den tydelege jærdialekten langt ut over Jæren og Noregs grenser med musikken sin. Det gler eit kvart hjarte som trur på krafta i språket, heiter det i grunngjevinga frå Rogaland Mållag.

Prisen blei delt ut på Garborgsenteret måndag 1. oktober. Leiaren i Rogaland Mållag, Einar Schibevaag, påpeika at det var ein høveleg stad for utdelinga. Janove Ottesen har nemleg fortalt at Arne Garborg på mange måtar har vore ein føregangsfigur for bandet.

LES OGSÅ: Kaizers Orchestra lanserer virus-app

– At Janove ser på Arne Garborg som ein av dei mest kjende jærbuane i verda, gler oss sjølvsagt. Men grunngjevinga han nyttar er viktigare. Garborg fekk bodskapen sin fram, ikkje berre i Noreg, men i verda elles, sa Schibevaag.

Kaizers Orchestra har tidlegare donert 30.000 kroner til Garborgsenteret på heimstaden Bryne. (©NPK)