Kinesisk verdspremiere i Bergen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sensasjon til Bergen

Weiwei er kåra til den viktigaste kunstnaren i verda av magasinet Arts Review, han har halde ei rekkje utstillingar, og fått ros i mange land. Han er også blitt kjend som ein kritikar av sider ved det kinesiske systemet gjennom kunsten.

Ai Weiwei er ein av ti kinesiske samtidskunstnarar som tek del i utstillinga «Real Life Stories» i Bergen.

LES OGSÅ: Her er det kjekt å vera på museum

Kjem ikkje
– Det er stor interesse for utstillinga. Vi har fått førespurnader frå mange land der ein er klar over at Weiwei har laga ein ny installasjon, som får verdspremiere i Bergen, fortel direktøren ved Kunstmusea i Bergen, Erlend G. Høyersten.

– Det er fabelaktig å kunne setje Bergen på kartet på denne måten, seier direktøren, som lenge hadde vona at Weiwei sjølv skulle kunne kome til opninga.

Det kan han ikkje, ettersom kinesiske styresmakter har inndrege passet hans grunna ei skattesak. Weiwei er skulda for å ha unndrege skatt, ei sak som blir sett i samanheng med at han kritiserer dei kinesiske styresmaktene.

– Det er skuffande at han ikkje får reise ut, for han har sagt at han gjerne ville kome og sjå utstillinga. Det hadde vore strålande å ha han her. Men vi voner framleis at han kan kome på eit seinare tidspunkt, seier Høyersten.

Store installasjonar
Weiwei arbeider med foto, film og tekst og har laga fleire store og oppsiktsvekkjande installasjonar. I sommar viste Kistefos-museet ei utstilling med foto og videoar han har laga. Det var den første utstillinga hans i Noreg. Tidlegare har han hatt utstillingar i Danmark og Sverige.

Blant dei mest kjende installasjonane til Weiwei er «Fairytale» frå 2007. Der han i flaug inn 1.001 kinesarar til utstillinga «Documenta 12» i den tyske byen Kassel. I 2010 vekte «Sunflower Seeds» på Tate Modern i London oppsikt. Den installasjonen var gjort av millionar av solsikkefrø laga av porselen. Kvart porselensfrø var handmåla av innbyggjarane i ein kinesisk by kjend for porselensproduksjon.

LES OGSÅ: Urban kunst på bygda

Hemmeleg
Utstillinga i Bergen har vore førebudd sidan november i fjor. Bjørn Inge Follevaag, kurator ved Kunstmusea, fortel at dei trefte Weiwei i Kina etter å ha hatt kontakt med kuratoren Feng Boyi. Boyi har kjent og arbeidd saman med Weiwei i ei årrekkje. Han kjem til utstillingsopninga i Bergen.

– Weiwei sa han ville delta på utstillinga i Bergen saman med dei ni andre kinesiske samtidskunstnarane. Han sa han ynskte å lage ein installasjon som skulle få verdspremiere i Bergen, seier Follevaag.

Kunstnaren var villig til å diskutere kva slags installasjon han skulle lage. Weiwei laga installasjonen i Kina, og no er han sett opp i museumsbygningen Lysverket i Bergen. Han er truleg ikkje like omfattande som einskilde av dei tidlegare installasjonane til Weiwei, men blir halden hemmeleg fram til opninga torsdag.

LES OGSÅ: Folk blir rausare av kultur

Mange kinesarar
Utstillinga i Kunstmusea i Bergen omfattar ni andre kinesiske samtidskunstnarar, som også har blitt verdsnamn. Dei er Jing Kewen, Li Songsong, Liu Jianhua, Mao Tongqiang, Song Dong, Xiang Jing, Xu Bing, Yin Xiuzhen og Yue Minjun. Forutan installasjonen til Weiwei er det også maleri og skulpturar, einskilde i glasfiber, med på utstillinga.

Kunsten har Kina som referanseramme, og ein treng litt ekstra kinakunnskap om ein ynskjer å få tak i alt det kunstnarane vil formidle. Det vil museet bidra med.

– Vi er opptekne av formidlinga, og det er utarbeidd tekstar som skal bidra til å gi publikum eit fullt utbytte av utstillinga, seier kurator Follevaag.

Forutan «Real Life Stories» er det også ei utstilling med fire andre kinesiske kunstnarar i Galleri 3,14 i Bergen. Også her har Feng Boyi vore kurator. Denne utstillinga, med namnet «Skin, flesh & bone», varer i to månader, meda utstillinga i Kunstmusea blir ståande til 3. februar neste år. (©NPK)