Brubyggjar i matkulturen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange hovudstader i Europa har sin eigen mathall som trekkjer til seg både turistar og lokalbefolkning. Oslo får sitt matmekka i haust i den gamle bruverkstaden Vulkan ved Akerselva. Over tre plan på nesten 3.500 kvadratmeter skal det bli ein møtestad for alle som opptekne av mat og matopplevingar.

Mat for Mons
– Vi ønskjer å tilby noko som kan skape eit treffpunkt for mannen i gata, dei som er spesielt interesserte i mat og dei profesjonelle, seier marknadssjef for Mathallen Frode Rønne Malmo.

LES OGSÅ: – For lite innmat i nye kokebøker

Den 2. oktober opnar Mathallen dørene og tilbyr mat og drikke av høg kvalitet, med vekt på det unike. Produsentane er stort sett norske, men her er også mat frå utlandet. Dei kulinariske godbitane er ein kombinasjon av kjøt, fisk, grønsaker, bakevarer og drikke. Du finn dei i spesialbutikkar, kafear og restaurantar. I tillegg vert det lagt til rette for matrelaterte aktivitetar som messer, kurs og konferansar.

I det gamle industribygget har dei bygd bruer før, bokstavleg talt, no vert det på eit anna plan – med mat og kultur som byggjesteinar.

Mathallen skal vere eit senter for norsk matkultur. Det vert lagt vekt på småskalaprodusentar frå heile Noreg, men importørar frå Spania, Frankrike, Tyskland, Italia og Asia får også freiste med godsaker for norske matmonsar.

– Mathallen skal vere eit «annleisland». Norskegrensa skal ikkje vere ein barriere for kva vi skal tilby. Reiseglade nordmenn har fått smaken på kulinariske matopplevingar frå utlandet. Og her får vi også vise at norske produkt er på høgde med det beste frå utlandet, seier Rønne Malmo til Nynorsk pressekontor.

LES OGSÅ: Finn maten sin i boset

31 aktørar
Det norske spisskammerset i Mathallen blir stort og variert. Her vil vi finne kvalitetsmat frå havet, frå fjell og skog, frå flatland og djupe fjordar.

– Vi har brukt lang tid på å prate med bransjen og vi har reist rundt til andre mathallar i Europa for å sjå og lære. Målet har vore å finne unike aktørar som folk ikkje kjenner så godt frå før og som ikkje er knytt til kjeder. Vi har prata med rundt 500 aktørar og enda opp med 31 som skal selje og servere mat og drikke, fortel Rønne Malmo.

Mathall-prosjektet møtte ein del skepsis blant aktørane i starten. Mange vil sitje på gjerdet og sjå korleis det går før dei eventuelt blir med.

Det store mathuset i Oslo blir likevel fullt av mat frå småskalaprodusentar i Noreg, men førebels blir det ikkje lagt opp til mange butikkar frå enkeltprodusentar.

– Vi hadde ein ambisjon om ein norsk mathall basert på regionane i landet, men det har vi førebels gått bort frå. Mange små produsentar manglar kapasitet og organisasjon til å vere med, men eg trur ein del kan kome etter seinare. Vi må nok vise til resultat for å bli ein heilnorsk mathall, seier Rønne Malmo.

Førebels har Valdres fått eigen butikk, det same har Oppland med butikken Smak av Innlandet. Butikken I Kongens Hage tilbyr gardsprodukt frå Oslofjordområdet.

LES OGSÅ: Unge ambassadørar for gamle mattradisjonar

Mat og aktivitetar
– Vi har valt å skilje oss litt ut frå mathallane i Europa. Skulle vi vore ein stor «bondens marked»-hall, ville det nok fort blitt kroken på døra. Vi legg vekt på både butikk, servering og kurs. Eg trur det er viktig med aktivitetar i tillegg til handel. Mathallen skal likevel ikkje vere eit polert kjøpesenter, men ein røff marknadsplass, seier Rønne Malmo.

LES OGSÅ: Frå jorda til middagsborda

Kvalitet kostar
– Ein del nordmenn klagar over dyre matvareprisar i Noreg. Blir hallen ein stad for dei med tjukk lommebok?

– Pris er kjempeviktig, men vi fokuserer ikkje på det – heilt bevisst. Dette skal ikkje bli eit outlet-senter for mat. Men det skal heller ikkje vere ein jålete, eksklusiv matstad. Kvar butikk må derimot ha minst eitt produkt som er billegare enn andre stader. Vi legg vekt på matkvalitet og kompetanse bak disken – og det kostar sjølvsagt, seier marknadssjef for Mathallen Frode Rønne Malmo.

Desse får plass i Mathallen
Melkerampa:
Sal av ost og meieriprodukt frå småskalaprodusentar, i regi av Tine.

I Kongens Hage: Gardsutsal og kortreiste varer frå fylka rundt Oslofjorden.

Smak av Valdres: Sal og servering av sesongbaserte varer frå Valdres-området. Til dømes rakfisk, flatbrød, ost og spekemat.

Den blinde ku: Sal av ostar frå produsenten frå Akershus med same namn, i tillegg til eit utval av andre norske og utanlandske ostar. Alt som høyrer til på eit godt ostefat vert også å få kjøpt i butikken.

Husets: Ein moderne kolonial med sal av kjøt- og meieriprodukt frå Norden.

Annis Pølsemakeri: Spesialisert slaktarbutikk for kjøt, slakt, pålegg, ferdigsteikte produkt, pølser, spekemat med meir.

Stangeriet:Gardsbutikk anno 2012. Presenterer og sel fjørkre og tilhøyrande gardsprodukt.

Baker Nikolaisen: Sal av ferske brød, kaker og andre konditorvarer.

Champagneria bodega:Butikk med sal av skinker og ostar, i tillegg til vinbar/uteservering med tapas.

Vulkanfisk:Sal av variert sjømat etter sesong og tilgang. Servering av sjømatrettar, sushi og østers.

Frøya Sjømat:Spesialiserer seg på skaldyr, som kamskjel, reker, østers, krabbe og blåskjel frå Noreg.

Vulkan Frukt og Grønt:Stor butikk med utsal av frukt, grønt, krydder, sausar og oljar.

Slakterhuset:Sal av kjøtvarer.

Smak av Innlandet:Sal av ferske varer frå Oppland og omland. Elgkjøt i sesongen, poteter, bær og mykje anna.

Hotel Havanna:Delikatessebutikk av det gammaldagse slaget. Eigenproduserte og importerte varer frå middelhavslanda. Servering av paella laga på tradisjonelt Valencia vis.

Solberg&Hansen:Kunnskapssenter for kaffi og te der du kan lære om, nyte og handle kaffi og te.

Grünerløkka Brygghus:Her vil det mellom anna bli servert ferske grilla pølser frå heile verda. Øl vil stå i fokus, med ulike variantar av kvalitetsøl frå både norske og utanlandske mikrobryggjeri.

Ølhandleriet:Spesialforretning med meir enn 200 sortar øl frå inn- og utland.

Hello Good Pie: Noregs første utsalsstad berre med pai. Frukost-, lunsj- og middagspaiar inspirerte frå USA, Frankrike, England, Canada og Australia. Hello Good Pie tar utgangspunkt i sesongbaserte råvarer frå dei andre leverandørane og spesialistane i Mathallen. Dei lagar alt frå grunnen i eit ope kjøken, så alle kan kome og sjå og smake.

Comer Con Arte:Sal og servering av mat og kunst frå Spania. Skinke, pølser, ost, oljar etc.

Barramon:Importør av spansk vin. Vinbar og servering av tapas i baskisk stil.

Ma Poule:Franske spesialitetar som confit, foie gras, ost, skinkepålegg og vin.

Via Italia:Økologiske matvarer frå Italia, slik som olivenolje, kjøtvarer og pasta.

Delikatysk:Spesialbutikk med servering av heimelaga tysk mat.

Atelier Asian Tapas.Sal og servering av asiatisk mat, med basis i det vietnamesiske kjøken.

Friends Fair Trade:Stort utval av Fair Trade-produkt. Kaffi, sjokolade, marmelade, pasta, ris m.m. Fair Trade er eit handelssamarbeid mellom fattige produsentar i sør og konsumentar i nord, eit samarbeid som går føre seg under rettferdige vilkår.

Øltorget mat og ølverksted:Servering av småskalamat og eit utval av over 300 ølsortar frå inn- og utland, i tillegg til norske akevittar.

Von Porat:Mathallens brasseri med sesongbestemt meny og seine opningstider.

Smelteverket:50 meter lang og 5 meter brei restaurant ved breidda av Akerselva.

Kulinarisk Akademi:Skal drive tre kurskjøken.

Sous Vide Norge:Kjøkenutstyrsbutikk og kurskjøken.