Innovasjonsboom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innovasjons- boom

– Maskina blir brukt mellom anna til å sjå på størrelsen av nanopartiklar og korngrenser på ei materialoverflate. Dette er viktig informasjon som kan gje oss ein peikepinn på kvifor ein ser dei eigenskapane ein gjer, seier eigar av selskapet InNano, Stian Hauge.

Hauge har vore med på etableringa av to selskap som arbeider med nanoteknologi, Nano Rocks og InNano. Sistnemnde er det Hauge sjølv som står bak.

– Begge selskapa jobbar med «clean-tech» og baserer seg på same grunnteknologi, fotokatalyse, men har ulike bruksområde. Teknologien i Nano Rocks baserer seg på stasjonære nanostrukturar til å reinse vann ved hjelp av lyset frå sola. Medan InNano vil rense eksos ved hjelp av den samme teknologien innen maritim sektor, fortel Hauge.

Studiar som springbrett
Hauge er ein av mange studentar som har funne opp sin eigen arbeidsplass. Han har ein bachelor i nanoteknologi frå Universitetet i Oslo (UiO), og byrja på ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap i 2010. Det var her gründerdraumen fekk fritt spelerom.

– Eg ser på det som ein fordel å vere innovatør i eit student- eller forskingsmiljø. Når det gjeld høgteknologi generelt opplever eg eit gap i finansiering mellom forsking og utdanning og sluttproduktet, seier Hauge.

Han avviser likevel ikkje at ein må vere litt galen for å satse på ei karriere innan nanoteknologi, då det er relativt få som kan noko om feltet.

– Ein må nok vere dum, naiv og positiv for å jobbe som entreprenør med nano.

Les òg: Rekordmange startar bedrift

Slutta på dagen
Chris Klemmetvold har òg teke sjansen på å starte eige firma. Han gjekk tidlegare på studieprogrammet Sosialt entreprenørskap ved UiO, men droppa ut av studiet når selskapet vart etablert.

– Eg kom på idèen fordi skapet heime var fullt av glass, metall og pant. Då tenkte eg at det hadde vore smart om nokon kom og henta dette for meg. Eg slutta på skulen same dag som eg fekk idèen. Det hadde vorte for mykje å gå på skulen og arbeide samstundes, seier Klemmetvold, gründar av Panterne AS.

Selskapet er basert på den første oppgåva han fekk på kurset.

– Panterne går ut på å hente pant, glass- og metallemballasje heime hjå folk og bedrifter. Dette finn stad ved at dei abonnerar på tenesta vår, og det er fast henting ein gong i månaden, fortel Klemmetvold.

Panterne kan syne til ein god periode sidan oppstarten i februar.

– Bedrifta er i vekst, men vi går ikkje i overskot enno. Men eg ser positivt på framtida. Nesten all bedriftsbyggjing er langsiktig, meiner Klemmetvold.

Noreg på verdstoppen
Nano-rocks, InNano og Panterne er langt ifrå dei einaste bedriftene som har vorte etablert den siste tida. Direktør i Innovasjon Norge, Kjetil Lundgård, beskriv nemleg Noreg som ein innovasjonsfabrikk.

– Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld etableringar av bedrifter. Det har vore rekordmange dei siste årene, seier Lundgård.

Nyetablerte kan ofte vente seg hardt arbeid og økonomisk risiko. Lundgård kan likevel fortelje at unge menneske så absolutt tek del i den påfallande trenda.

– Det er mange unge menneske og studentar som etablerer bedrifter. Vi ser òg at unge har høgast ambisjonar om å etablere og utvikle vekstbedrifter. Noko av årsaka til dette kan vere at det satsast meir på entreprenørskap i skulen.

– Kvifor er det slik at unge menneske ønskjer å starte noko eige?

– Studentar og yngre menneske blir ofte drive av å ville skape noko nytt, skape verdiar, skape sin eigen arbeidsplass samt arbeidsplassar for andre. Slik skaparglede er òg viktig for framtidig verdiskaping i landet, seier direktøren.

Rollemodellar avgjerande
Lundgård trur rollemodellar speler ei viktig rolle for at unge gründarar tør å prøve ut forretningsideane sine.

– Mykje tyder òg på at det er blitt meir «in» å skape noko eige. Rollemodellane er viktig for dei unge. Dei ser opp til gründarar som har lukkast med oppstart og har klart å skape vekst og internasjonal suksess, seier han.

Hauge har funne motivasjonen til å gjennomføre draumen i nærmiljøet.

– Eg har mine rollemodella i studentmiljøet rundt meg. Her møter eg mykje entusiasme og erfaring innanfor startup-miljø, fortel InNano-oppfinnaren.

Les saka i Universitas!

 

Omsett av Arnt Olav Foseide