Ny plate frå Enslaved

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Enslaved kjem i desse dagar ut med nytt album. Albumet er det 12. i rekkja for dei prislønte mørkemusikarane med base i Bergen, og har fått tittelen «Riitiir».

I dag skipar bandet til lyttefest på musikkbaren Apollon i Bergen.

Lange låtar
– Eigentleg er det berre ei gjennomspeling av plata, og litt underhaldning. Mellom anna blir det ein Enslaved-quiz, men ikkje noko livemusikk, seier stordabuen i bandet, gitarist Arve Isdal.

LES OGSÅ: Ice Dale får eigen action-figur

– Kva er det som er nytt på denne plata, samanlikna med dei 11 tidlegare utgjevingane?

– Det er vel mest ei vidareutvikling av det me har drive med, spesielt på dei nyare platene. Eg ser det som ein logisk vidareføring, sjølv om denne plata er litt meir tungt fordøyeleg ved første gjennomlytting.

– Kva meiner du?

– Det er ein litt meir gammal måte å tenkja på, veldig proginspirert. Den kortaste låten er rett under seks minutt, og me har låtar som er heilt opp til 11-12 minutt. Dette er ikkje nytt for oss, men me tek det litt vidare, seier Isdal.

LES OGSÅ: Enslaved får ærespris

Konsert på heimebane
I november skal dei spela på Arena. Isdal gler seg til å spela på heimebane, men er spent på mottakinga frå Stord-publikummet.

– Eg veit ikkje korleis metalmiljøet er på Stord for tida, så det blir spennande. Eg spelte ein gong på Arena med Audrey Horn, og det var kjekt, men dette er jo litt anna musikk, seier Isdal som er travelt oppteken som følgjespotførar for Vennebyen-framsyninga når me ringer.

– Det er om lag så lite metal som det går an å bli. Men eg likar å gjera varierte ting. Det har eg alltid gjort, seier Isdal.

Les saka på Sunnhordland.no!