Ei svart stripe, eit blått bluss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Møblar og rock i Detroit
John Anthony Gillis er fødd 9. juli 1975, som den yngste av ti sysken. Han er oppvaksen i byen Detroit, Michigan, i ein katolsk familie med røter i Polen, Skottland og Canada. Som barn var han altergut i kyrkja – men han begynte også å spele trommer allereie som seksåring. Seinare lærte han seg å spele gitar, og var gjennom tenåra svært oppteken av gamal blues og 60-talsrock. Påverknaden frå denne musikken kan ein høyre i alt han seinare har laga.

Då han var 15, begynte John (kalla Jack) som lærling i eit firma for møbelstopping i Detroit. Han jobba som møbelstoppar utover 90-talet, samtidig som han spelte musikk, starta bandet The Upholsterers («møbelstopparane») saman med kollega Brian Muldoon, og spelte trommer for Goober & the Peas. The Upholsterers laga blant anna ein singel i 100 eksemplar, som dei gøymde i møblar dei reparerte! Omtrent då han var 20, møtte Jack Meg White på Memphis Smoke, der ho jobba som bartender. Dei gifta seg hausten 1996 – og Jack tok hennar etternamn.

The White Stripes
Jack og Meg øvde saman ein gong i 1997 – ho spelte trommer, han song og spelte gitar. Det kjendest frigjerande og forfriskande, har Jack sagt. Sidan var dei ein duo, The White Stripes, oppattkalla etter Meg sine favorittdrops, polkagrisar.

Den første live-framføringa hadde bandet allereie i 1997. Året etter skreiv dei kontrakt med det vesle plateselskapet Sympathy for the Record Industry, og gav ut nokre singlar. Debutalbumet The White Stripes (1999) sette standarden for korleis bandet skulle framstå i den litt over ti år lange karrieren sin: coveret er raudt, svart og kvitt – det same er kleda til Meg og Jack. Lydbildet er nedstrippa: rufsete trommer, gitar og Jack si stemme.

Jack og Meg vart skilde i 2000, men det påverka ikkje samarbeidet deira. Dei hadde uansett allereie spreidd forvirrande rykte om at dei eigentleg ikkje var gifte – derimot eit syskenpar. Desse to motstridande påstandane florerte då The White Stripes fekk det store gjennombrotet med songen Fell in love with a girl frå tredjealbumet White Blood Cells (2001).

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Produsent, skodespelar osv.
The White Stripes gjekk kvar til sitt i 2011. (Då hadde dei begge gifta seg på nytt: Meg sitt bryllaup vart halde i Jack sin hage, og ho var forlovar i hans bryllaup på elva Amazonas.) Jack hadde lenge hatt fleire andre prosjekt på gang. I 2003 spelte han i filmen Cold Mountain, medan han i 2004 produserte albumet til den gamle countrysongarinna Loretta Lynn, som han er stor fan av. Samarbeidet med Alicia Keys på James Bond-låta Another Way To Diekom i 2008.

Men White er også involvert i andre band. The Raconteurs vart starta i 2005, og har så langt gitt ut to album – medan The Dead Weather, der White deler mikrofonen med The Kills-vokalist Alison Mosshart, debuterte i 2009.

Så var endeleg turen kommen til Jack White solo. Singelen Love Interruption, ein duett med Nashville-artisten Ruby Amanfu, kom like over jul, og albumet Blunderblussi april. Det segla rett til topps på Billboard-lista etter første veka – noko Jack White aldri har opplevd med banda sine.