Northug gjev seg sjølv alkoholforbod
Petter Northug droppar alkohol til etter VM i Val di Fiemme om snaue fem månader.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I sesongen rører eg ikkje alkohol. Då er det fullt fokus, og eg vil bruka kvar einaste dag på å førebu neste løp, seier Northug til Adresseavisen.
Han tok tre VM-gull på heimebane i Holmenkollen i 2011. Polvarene blei ståande i barskapet også den gongen.
– Denne vinteren handlar alt om å forsvara VM-gulla mine og om å prestera i Tour de Ski, seier Northug.
Det har kome nye, lette karbonsko på marknaden, men utstyrsavtalen til Northug er med ein konkurrent. Langrennskongen fryktar ikkje at rivalane i skisporet får ein fordel.
– Eg fokuserer på meg sjølv. No testar eg nye sko, og held på med små justeringar. Det ser veldig bra ut, seier Northug til Adresseavisen. (©NPK)