Etter over ti år i koffert har artisten og Førdejenta, Thea Hjelmeland (25), endeleg fått slått seg til ro. Valet var enkelt: Bergen by.

Ida Juklestad, Studvest
Ida Juklestad, Studvest
Faktaboks

 

Thea Hjelmeland

Alder: 25
Heimstad: Førde
Bio: Thea & det fine – EP med tre songar
Duett med Lars Vaular; «En av oss to», «Supernaiv»
Aktuell: Thea Hjelmeland – «Oh the Third»
Etableringsstipend: Gjelder kunstnarar eller kulturarbeidere som skal etablere seg i Bergen. Stipendet er på 30 000 kroner.

Gå til Myspacesida hennar!

LES FAKTALUKK FAKTA

 

– Eg ville tilbake til det norske, kulturforskjellane byrja å bli merkbare, fortel Thea.

Ho peikar på språkforskjellane, kulturforskjellar, anna veremåte, byråkrati, vrange folk og misforståingar. Ho meiner Noreg er luksus på alle vis, systemet er enkelt og ho synst vi har det så latterleg godt. Etter all reising og fornekting snudde det for Thea. Ho ønskte å ha det trygt, samt leve i eit system som ho kjenner inn og ut.
Slitsamt med kvardag

– Når eg reiser blir eg nærast forelska i ulikskapane, det eksotiske og spanande. Alt som er annleis. Der eg kan flykte inn i nye opplevingar. Når eg då møter kvardagen tar det ikkje lang tid før desse spanande sidene blir utfordrande og til tider slitsame, seier Hjelmeland medan ho tar seg ein sipp av soyakaffien sin.

Etter ei tid på Cuba og fire år med Paris som ein slags base var ho til slutt klar for å flytte til heimtraktene. At valet vart Bergen var naturleg for Thea. Musikkmiljøet, kulturen, storleiken på byen og kontaktnettverket, var med på å avgjere at det vart Bergen og ikkje Oslo som var i tankane. Venene til Thea var sjokkerte over leilegheitskjøp i Bergen og sa klart i frå at dei ikkje gav ho så lang tid før ho sikkert flytta på seg igjen.

– Eg har alltid flytta på meg, og er rett og slett litt rotlaus, seier ho og smiler lurt.

Etableringsstipend
I byrjinga av september fekk frøken Hjelmeland utdelt etableringsstipend av Bergen Kommune.

– Eg fekk grunngjevinga då eg stod på scena blant dei andre mottakarane og fokuserte på å smile og slikt. Så for å vere heilt ærleg hugsar eg ikkje ordrett kva ho sa, men eg reknar med dei meiner det låg kunstnerisk kvalitet til grunn, fortel ho.

Pengane ho fekk vil ho bruke for å finne eit øvingslokale, samt å ta songtimar.

– Eg vil gje kredd til Bergen Kommune, no føler eg at eg har fått ein varm velkomst og kan gje noko tilbake, seier Thea.

Duett med Vaular
For nokre er ho kanskje mest kjend for duettane med Åsane sin store son, Lars Vaular. Thea står også på eigne bein og etter By:Larm i år kom hennar første plate, «Oh, the Third», ut.

– Plata er variert og det er eit slags «estetisk kaos», seier Thea.

Ho handterer mange instrument og kan kimse av at ho kan spele både gitar, ukulele, mandolin, banjo, harpe, perkusjon og piano.Songane skriv ho sjølv, og røysta er det berande elementet.

– Eg går etter klangane og lydane. Eg er på leit etter nye rom, og nye instrument. Songar kan fort bli like med berre eitt instrument, derfor skiftar eg instrument og songen kan bli ein heilt anna song, seier ho.

LES OGSÅ: Alt ein kan drøyme om – ein prat med Katzenjammer

Satse i Tyskland
I vår var ho med som oppvarmar på Jarle Bernhofts turné i Europa. Eit samarbeid som kjem av at Bernhoft er produsent på plata i lag med Jostein Ansnes i Øra Studio i Trondheim. I tre til fire veker spelte dei for fulle hus, men no er Thea klar for å erobre Europa åleine. I 2013 blir Thea å finne i Tyskland.

– Det er ikkje så lett å få spelejobbar i Noreg, i utlandet er det enklare. Eg har spelt mykje i Frankrike, det er eit større land som vil seie fleire stader å spele. Der er eg utanlandsk – med og utan fordelar; Eg representerer noko utanifrå og folk er nyfikne.

Hjelmeland har enno ikkje blitt spelt noko særskild på radio, og ho er usikker på kor mange som kjenner til musikken hennar.

– Sjølv om det er knallbra live, er det ikkje berre å knipse med fingrane for å få spelejobbar. Men det kjem seg litt etter litt, og det er kjekt å sjå at publikum veks, seier Hjelmeland.

Det heile starta i 2005 under Eggstockfestivalen, ein rockefestival for uetablerte band i Hordaland, der ho vann i lag med sitt tidlegare band Thea & det fine. Premien var plate og video, og dei blei lovprisa med gode ord om at dei hadde potensiale til å bevege seg utanfor landegrensene. Etter nokre år tok det slutt og Thea ville gå solo.

– Eg har jobba for meg sjølv, og vegen er ikkje enkel. Det er hardt arbeid og det er ikkje ein glamorøs tilværelse og vere artist. Eg forventar ikkje at vegen blir lettare framover heller, seier ho og tek sin siste slurk av soyakaffien.

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Flamenco blir det neste
I tillegg til etableringsstipendet har Hjelmeland nyst fått eit vidareutdanningsstipend.

– Eg skal ta timar i flamencosong og hiv meg nok på dans og gitar også. Eg høyrer nesten berre på det, det er lidenskapeleg og heftige rytmar og energi. Eg ønskjer å ta med meg dei kvalitetane inn i min musikk.

Vidare fortel ho at stemninga i musikken ikkje har noko å seie, ho er lite kritisk til sjanger og det er det fascinerande ho fell for.

I februar startar innspelinga av plate nummer to.

– Neste plate blir troleg meir samla. Eg har hatt ein periode med tunge ting i livet, så plata blir nok litt mørkare enn den første.

Det er ingen tvil om at denne førdejenta har ein heftig kalender i 2013. Om ho bur i Bergen i meir enn eitt år og om vegen blir enklare, gjenstår å sjå.

Les saka i Studvest!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE