Denne plakaten skaper debatt
Samarbeidet mellom LO og Elevorganisasjonen om denne plakaten skaper debatt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Landsorganisasjonen (LO) og Elevorganisasjonen har inngått eit samarbeid om ein plakat, der det er mogleg for lærlingar å melda seg inn i begge organisasjonane samstundes.
Amanda Marie Solvåg, leiar i Ytre Nordfjord Unge Høgre, er ein av dei som reagerer på samarbeidet:
– Elevorganisasjonen som skal vera politisk nøytrale bør vere forsiktige med å gjera slike koplingar, då LO og Arbeidarpartiet har veldig tette band, og delar av medlemskontingenten i LO går til Arbeidarpartiet, seier ho til Framtida.no.
På plakaten står det at LO er lærlingane sin fagforeining. Dette reagerer ho òg på, og understrekar at LO er ein av fleire fagorganisasjonar for alle arbeidstakarar, ikkje berre lærlingar.
– Andre organisasjonar kan vere vel så bra, utan at eg vil meine noko om kva som er best, seier ho.
LES OGSÅ: Vil ikkje ha overvaking på skular
Forsvarar samarbeidet
Axel Fjeldavli, leiar i Elevorganisasjonen, er klar over at det er fleire som er kritiske til samarbeidet, men forsvarer det likevel:
– Det er ikkje snakk om politisk eller økonomisk samarbeid. Det er det er snakka om er eit samarbeid om ein plakat og eit sms-system som skal gjera det lettare for oss å få fleire medlemmar.
– Gjer det noko med Elevorganisasjonen som politisk uavhengig?
– Nei, me er framleis like uavhengige politisk som før, seier Fjeldavli. Han meiner Elevorganisasjonen kanskje er den ungdomsorganisasjonen i Noreg som tar partipolitisk uavhengigheit på størst alvor, og strekar under at det her ikkje er snakk om eit system for dobbeltmedlemsskap, men ei ordning som gjer det enklare å melda seg inn i organisasjonane uavhenig av kvarandre.
Han påpeikar at lærlingane både er elevar og arbeidstakarar og at gjennom å melda seg inn i både Elevorganisasjonen og ein arbeidstakarorganisasjon får ein tatt vare på interessene sine både når det gjeld elevrettar og arbeids- og lønsforhold.
Kva tenkjer du om samarbeidet?