Frå jorda til middagsborda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå jorda til middagsborda

Tidlegare blei dei brukt mest til å dryge maten, men no prydar dei restaurantmenyar. Rotgrønsaker har kome fram i lyset på ny og butikkane sel dobbelt så mykje av enkelte sortar som for få år sidan. Løyndommen kan liggje i ein liten elektrisk kjøkenhjelpar.

– Mange hushald har no ein stavmiksar og då er det veldig lett å lage puré av rotgrønsaker. Ein kokar dei litt, mosar dei med stavmiksar og tilset kanskje ein fløyteskvett, seier utviklingssjef for grønsaker i Gartnerhallen Pernille Rød Larsen. Ho er ikkje i tvil om at stavmiksaren sitt inntog i norske hushald er noko av grunnen til rotgrønsaksreturen.

– Delikate puréar har blitt veldig populært. I tillegg er det overraskande sunt og går raskare enn å steikje ein ferdigpizza, seier Rød-Larsen.

Dobla sal
Nordmenn si begeistring for rotgrønsaker vil truleg halde fram. Dei siste fem åra er nemleg salet av jordskokk, sellerirot og rødbetar omtrent dobla. Norskprodusert pastinakk veks mest av dei alle, no plukkar vi med oss tre gonger så mange pastinakkar frå butikkhyllene som vi gjorde i 2007.

– Vi trur det er eit godt stykke igjen før taket er nådd for salet av rotgrønsaker, seier produktsjef Espen Gultvedt i grønnsaksgrossisten Bama.

Han fortel at dei tilpassar seg trenden og har gått frå å selje 100-grams-pakningar med persillerot og pastinakk, til 200-grams-pakningar. I haust kjem også 400-grams-pakningar på marknaden.

Nostalgisk trendmat
– Før var ein meir tvungen til å bruke desse grønsakene for å dryge maten og til å klare seg gjennom lange, kalde vintrar. No brukar ein dei gjerne med ein ny vri, som å tilsette koriander, chili eller kvitløk i rotpuréar, fortel Britt Kåsin, informasjonssjef i Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Ho trur internasjonale trendy restaurantar har vore med på å sette rotgrønsaker på kartet og meiner det er spennande at trenden også ser ut til å slå rot i Noreg. At folk på ny opnar middagsbordet for nostalgiske røter, er også med på å inspirere produsentane, seier ho.

– No har vi produsentar som satsar på havrerot og jordskokk, sortar som var mykje brukt før poteta kom til Noreg. Når dei no er tekne fram igjen er det ikkje for å utkonkurrere poteta, men for å vere eit spennande alternativ, påpeikar ho.

Nært, sunt, billig
Rotgrønsaker er billige, gir farge til maten, og er ofte kortreist sidan det kalde norske klimaet gir gode dyrkingsforhold for rotvekstar. Som om ikkje det var nok, er dei i tillegg fine å lagre utover vinteren. Det er truleg grunnen til at rotgrønsaker har vore så viktige i fleire norske tradisjonsrettar.

– Dei fleste må ha kålrabistappe til pinnekjøt og raspeball, seier Pernille Rød Larsen i Gartnerhallen.

Tradisjonen sit i, og meir vanlege rotgrønsaker som gulrot og kålrabi har lenge vore ei viktig ingrediens i supper, mosar og stuingar. No håpar Rød Larsen at folk også torer å prøve seg på nye typar rotgrønsaker, på nye måtar.

– Det er veldig dekorativt og godt å lage chips av for eksempel chioggiabete, også kjent som polkabete. Og her om dagen såg eg faktisk ei oppskrift på sjokoladekake med raudbete!

 

OPPSKRIFTER:


POLKACHIPS: Rotgrønsaker kan også vere snacks. Av chioggiabete, også kjent som polkabete, kan ein lage spennande chips. (Foto: Jon Marius Nilsson/Frukt.no)

 

Betechips

2 stk raudbete eller chioggiabete
2 dl soyaolje
2 ts salt

Skrell betane og skjer dei i tynne skiver. Skyll og tørk dei godt.

Varm oljen i ei jerngryte. Legg skivene i gryta, men ikkje for mange av gangen.

Steik skivene raskt på begge sider. Bruk ei holsleiv til å ta dei opp. Legg skivene på eit kjøkenpapir og dryss på salt.

(Kjelde: Opplysningskontoret for frukt og grønt)

 


HAUSTSUPPE: Jordskokksuppe har ein nøtteaktig smak, er rask å lage og sunn å ete. (Foto: Opplysningskontoret for frukt og grønt/Frukt.no)

 

Jordskokksuppe

5 desiliter hønsebuljong (utblanda)
5 desiliter heilmjølk
400 gram jordskokk (cirka 6 stk.)
2 ss olje til steiking
100 gram bacon i strimlar
1 ss valnøttolje
1 desiliter hakka frisk kruspersille

Smak til med salt og pepar etter å ha putta i bacon.

Kok opp hønsebuljong og mjølk. Skrell jordskokkane og skjer 2 av dei i skiver og resten i bitar. Ha bitane i mjølkekrafta og kok til det er mørt. Mos jordskokkbitane med ein stavmiksar.

Steik jordskokkskivene i olje og fres baconstrimlane.

Ha suppa over i tallerkenar og tilsett sprøsteikte jordskokkskiver, bacon og finhakka kruspersille. Drypp nokre dråpar valnøttolje over til slutt.

(Kjelde: Opplysningskontoret for frukt og grønt)

 


KANELRØTER: Kanelsteikte rotgrønsaker kan gi ein spennande vri på kjøt- eller fiskemiddagen. (Foto: Synøve Dreyer/Frukt.no)

 

Kanelsteikte rotgrønsaker

400 gram gulrot
500 gram sellerirot
600 gram kålrot
4 stk raudbete
2 ss olje
½ ss salt
½ ts malt kanel
1 ss hakka frisk kruspersille

Rens grønsakene og skjer i bitar. Smør ei eldfast form, legg i grønsaker og drypp over olje. Strø på salt og kanel.

Steik midt i ovnen ved 200°C i cirka 40 minutt til grønsakene er møre, dryss over hakka kruspersille og server til steikt fisk eller kjøt.

(Kjelde: Opplysningskontoret for frukt og grønt (©NPK))