Lærer og leikar med fysikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For niandeklassingar i Tokke, Vinje og Fyresdal er Energikampen på Songa eit av høgdepunkta i skuleåret. No håpar skulane at prosjektet blir vidareført med støtte frå kommunane.

Energikampen er eit todagars opplegg i regi av fysikkelevane i 2. klasse på Vest-Telemark vidaregåande skule (VTVG), der dei inviterer 9. klassingane ved skulane Gimle, Åmot, Edland, Rauland, Høydalsmo og Tokke til fysikktevlingar og moro. 

Prosjektet er eit resultat av den statlege satsinga «Energinettverket», som er eit nasjonalt nettverk av vidaregåande og ungdomsskular. Under denne paraplyen er det etablert mange lokale nettverk beståande av ein vidaregåande skule og fleire ungdomsskular knytt til denne. 

Vest-Telemark vidaregåande har knytt til seg skulane i Fyresdal, Vinje og Tokke, og Energikampen er resultatet av dette lokale prosjektet. Om under eitt år er det sentrale Energinettverkprosjektet over, og det er opp til dei lokale nettverka å halde fram. Då treng ein midlar til å vidareføre prosjekt som Energikampen på Songa. 

Statkraft er ein sentral sponsor, og både Karl Torstein Hetland ved VTVG og lærar Anne Jupskås ved Høydalsmo skule håpar dei vil vera med vidare som lokal sponsor. Den desidert største utgiftsposten er transport. Det er dyrt å frakte elevane i buss til Songa. 

LES OGSÅ: Krafttak på Energikampen

– Ynsket vårt er at også dei tre kommunane som er involverte set av pengar i budsjetta sine til å vera med på prosjektet framover. Skulanes budsjett er tronge nok som det er. Får me 10 000 øyremerkte kroner til 

Energikampen frå kvar kommune i åra som kjem, er mykje gjort, seier Jupskås. 

Ho håpar politikarane i dei tre kommunane ser kor viktig det er å sikre vidare drift av Energikampen, og ynskjer at prosjektet skal forankrast direkte hos politikarane og ikkje ved kvar enkelt skule. 

– Energikampen gjev elevane eit positivt forhold til fysikk og andre greiner innan naturfag. Skal me få rekruttert realistar til bygdene framover, må me starte tidleg og gjera dei nysgjerrige på faget, seier Jupskås, og trekkjer fram Statkraft, Scana Mar-el og det planlagde prosjektet Vest-Telemark teknologipark i Seljord som døme på verksemder som treng dyktige realistvesttelar i åra som kjem. 

Opplegget er forankra i naturfag, matte og kroppsøving, og det sosiale er også svært viktig. Ungdom møtest på tvers av kommunegrensene og tevlar mot kvarandre både på blanda lag og med klassa si. I 

Energikampen med blanda lag er det desse greinene elevane får testa seg i: Solcellebil, flytting av vatn, fysikkløype, luftgevær og luftpistol, potetkanon, pil og boge, rappellering og vasskraft. 

Fire av sju sigrar til Høydalsmo 
Niandeklassingane i Høydalsmo kunne stolte frakte heim skulens fjerde pokal frå Energikampen førre veke. 

Kvart år går siste dagen av Energikampen med til ein klassekamp mellom skulane. Då tevlar dei i tautrekking, bildraging, tømmersaging og med medbringa vassrakettar dei har laga i naturfagstimane på skulen. 

I heile fire av dei sju åra Energikampen på Songa har blitt arrangert, er det Høydalsmo skule som har stukke av med sigeren i klassekampen. Elevane i årets niande klasse seier dei har lært mykje av å vera med på energikampen. 

– Det er moro å få prøve ut ting ein ikkje får gjort i eit klasserom – og me lærer mykje av det, seier Eivind Y. Ofte.

– Mellom anna lærte me å rekne ut distanse ved hjelp av lyd, ved å sleppe ein stein, legg Olav N. Torgersen til. 

Klassa er samde i at Energikampen er noko også framtidige niandeklasser burde få ta del i. 

– Berre hugs å ta med varme klede og mykje mat, oppmodar Torgersen. 

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Faktaboks

Energinettverket 
– Energinettverket er eit samarbeid mellom Naturfagsenteret, Utdanningsdirektoratet (Nettverk for miljølære), UMB, Statens Strålevern, Enova og Statkraft. 
– Karl Torstein Hetland ved Vest-Telemark vidaregåande skule og Vest-Telemark ressurssenter er prosjektleiar for Energinettverket, som starta opp i 2005.
– Lokale energinettverk er etablert rundt i landet som resultat av prosjektet. Sidan 2006 har det lokale energinettverket knytt til Vest-Telemark vidaregåande skule og Vest-Telemark ressurssenter arrangert Energikampen på Songa i Vinje. Niandeklassingar ved skulane Gimle, Åmot, Edland, Rauland, Høydalsmo og Tokke deltek kvart år.