Studentane vinn fram i Quebec

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar vann over regjeringa

Det blir ikkje noko av auka i studieavgifta som delstatsregjeringa lova tidlegare i år i den kontroversielle `Bill 78`.

Den sitjande regjeringa gjekk på eit tap i valet 4. september, og den nye delstatsregjeringa frå partiet Parti Québécois lovar å fryse studieavgifta.

Auka på 82% var høg, men sjølv etter dette ville Québéc hatt den lågaste studieavgifta i Canada.

Avisa Guardian meiner studentaksjonane var viktige for regjeringsskiftet.

Treng pengar uansett
– Bøkene vi bruker er veldig gamle, og vi manglar lærarar. Dette er vi nøydde til å betale for. Og sjølv om avgiftene går opp, er dei enno dei lågaste i Canada, seier Sophie Richard, til vanleg student ved Université Laval i Quebec by, no på utveksling i Noreg, til Universitas

På spørsmål om streiken var verd det er Richards usikker. 

– Eg trur heller ikkje at det vil hindre avgiftene i å gå opp. Vi er nøydde til å betale på einkvan måte. Den nye delstatspresidenten har ikkje fortalt oss der ho skal skaffe pengane til å betale for høgare utdanning.

Les òg: Forbyr demonstrasjonane i Canada