Noreg varslar tyngre satsing på FN-operasjonar

Noreg vil i større grad satse på fredsbevarande operasjonar i FN-regi i tida framover.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil trappa opp i utlandet

 Det kom fram i ei stortingsmelding om den norske FN-politikken, som regjeringa la fram fredag.

– Vi kjem til å trappe opp engasjementet vårt i FN sine internasjonale fredsoperasjonar. Det skjer samtidig med at vi gradvis trappar ned det militære nærværet vårt i Afghanistan, seier utviklingsminister Heikki Holmås (SV) til NTB.

Han vil samtidig ikkje vere konkret på når satsinga vil vise seg, kva geografiske område ho vil rettast mot, eller kor omfattande ho vil bli.

Stortingsmeldinga om FN er den første i sitt slag på 15 år.

Les òg: Meir til fattige land