Kan bli tidenes yngste på Tinget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nominasjonsmøtet i Møre og Romsdal Unge Høgre lanserer Vetle Wang Soleim (19) frå Smøla som sin ungdomskandidat til tredjeplassen på stortingslista. Vetle Wang Soleim er 1. nestleiar i Møre og Romsdal Unge Høgre, og sit i kommunestyret og formannskapet i Smøla kommune. Han er òg tidlegare leiar i Nasjonalt ungdomspanel.

– Eg er veldig audmjuk. Men det er også ein kjempeinspirasjon. Eg gler meg til å jobba hardt i valkampen. Men det er òg ein lang veg igjen, seier han til Framtida.no.

– Treng fleire unge
3. november får Vetle Wang Soleim svaret. Då bestemmer nominasjonsmøtet til Møre og Romsdal Høgre seg for den endelege stortingsvallista.

– Me har mange nye idear og gode løysingar for tida framover mot 2030 som me vil jobba for å gjennomføra. Då må me også byggja eit lag som kan ta det heile vegen. Då er det viktig at ein tek med fleire unge folk, seier Wang Soleim til Framtida.no.

Tidenes yngste
Om han blir valt inn, kan han som 20-åring bli den yngste faste representanten som er vald inn på Stortinget nokon gong.

Kjell-Ingolf Ropstad (KrF) var også 20 år då han møtte som vararepresentant på Stortinget – som tidenes yngste.