Vil lage mikrobrygg på Samfundet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mikrobrygg på Samfundet

Førre helg kunne dei tilsette ved den tradisjonsrike puben Daglighallen på Studentersamfundet i Trondheim feire at det var 15 år sidan pubdrifta vart sett i gang. I denne samanhengen vart det offentleggjort at det mest truleg vil vere mogleg å kjøpe Daglighallen-øl over bardisken i løpet av semesteret.

— Vi ynskjer å ta ølsatsinga til nye høgder. No er det så å seie alt klart til å byrja og brygge. Det einaste som gjenstår er å få eit siste punkt godkjent frå kommunen. Men om alt går etter planen , vil det vere mogleg å kjøpe Dagleghallen-øl i løpet av semestert, seier gjengsjef Jonas Myrlund i Kafé- og Serveringsgjengen (KSG) til Under Dusken.

Les også: Sterkøl gjer det sterkt

Mange einheiter
Det er også framsett planar om eit eige UKA-øl og Samfundet-øl. Spesialøl utgjorde moderate ein prosent av alkoholsalet ved Samfundet for tre år sidan. No er det heile fem prosent.

— Med tanke på kor mange vanlege pils vi sel her på Samfundet, så tilsvarar fem prosent veldig mange einheiter. Dette er noko som trekkjer folk til huset, forklarar lagersjef Scott Sandvik på Samfundet.

Les også: Kva skjer når to studentar må halde seg på vassvogna i tre månader?

Trend
At ølsalet går så bra, forundrar ikkje den engasjerte ølentusiasten.

— Om ein til dømes ser på tal frå USA, ser ein at øl tek meir og meir over rolla vin tidlegare har hatt. No vil folk ha kvalitetsøl, og det er ein trend som er i full fart på veg til Noreg, seier Sandvik.

Akkurat no har Daglighallen over 100 forskjellege ølsortar. Fleire av desse er restar frå ølfesten som var tidlegare i september.

— Ølfesten var ein kjempesuksess, og bilettane var utsolgt allereie før arrangørane fekk tid til å reklamere skikkelig for den, seier Daglighallansvarleg Sondre Norhaug.

Les også: Vil nekte 18-åringar øl

Kvalitet før kvantitet
Myrlund forklarar vidare at ein har hatt ølfestar på huset før, men då har det vore fokus på å drikke mykje øl. Denne gongen var målet av deltakarane skulle smake på forskjelleg, og godt brygga øl.

— Det var tre hundre personar som kom, men eg er sikker på at vi kunne solgt dobbelt så mange billettar om vi ville, seier Myrlund, og legg til at det var mykje større fokus på kvalitet enn kvantitet.

Les også: Ungdom drikk mindre alkohol no enn for 6 år sidan