Møter helst venner på nettet

Born og unge bruker dagleg meir tid på å surfe på internett og spele dataspel enn å treffe venner ansikt til ansikt. Det uroar foreldra.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Møter helst venner på nettet

Born og unge i dag brukar dagleg mindre tid på aktivitetar som å vere saman med venner, trene, spele instrument og lese bøker enn dei bruker på å vere på sosiale nettstader, surfe på nettet og spele data- og TV-spel.
Det viser ei ny undersøking Medietilsynet har gjort av medievanene til born og unge.

Undersøkinga «Barn og medier 2012» viser at 63 prosent av born mellom 9 og 16 år dagleg bruker internett, 49 prosent er dagleg på sosiale nettstader som Facebook, GoSuperModel og MovieStarPlanet og 29 prosent spelar data- og TV-spel dagleg.

Til samanlikning oppgir berre 17 prosent at dei dagleg er saman med venner, heime eller ute. 24 prosent oppgir at dei trenar dagleg, 9 prosent at dei spelar instrument og 28 prosent at dei les bøker og blad.

Og jo eldre borna blir, jo meir utbreidd blir den daglege internettbruken. 90 prosent av borna på 15– 16 år bruker internett kvar dag, mot 32 prosent av borna frå ni til elleve år, viser tala.

Les meir: Sosiale medium skaper nytt hierarki

Bekymra foreldre
Undersøkinga viser at mange foreldre uroar seg over kor mykje tid borna bruker på nettet og på data- og TV-speling, og at det er ein kime til konflikt i heimen. Rundt 30 prosent av borna oppgir at dei kranglar med foreldra om kor mykje tid dei skal få lov til å bruke på nett og andre medium.

Leiar for Trygg Bruk-senteret til Medietilsynet, Pia Lang, seier undersøkinga viser at foreldre er meir opptekne av tidsbruken til borna enn kva borna faktisk gjer og opplever på nettet.

– Vi har ikkje undersøkt direkte kvifor det er slik, men eg kan tenkje meg at mange foreldre er litt redde for at borna skal bli for stillesitjande, at dei ikkje skal ha nok kontakt med venner, og at det kan gå ut over skulearbeidet, seier Lang til NTB.

– Vi er meir opptekne av korleis borna opplever og handterer media enn sjølve tidsbruken, men vi tar til etterretning at foreldra er mest opptekne av og bekymra for sjølve tidsbruken, seier ho.

Gutane spelar
Foreldra er mest bekymra for dataspelinga til sønene sine. Det er truleg heller ikkje heilt utan grunn, for dataspelinga blant born har auka betydeleg dei siste åra, og det er først og fremst gutane som spelar.

I år oppgir 85 prosent av borna at dei spelar kvar veke, det vil seie frå fleire gonger om dagen til ein gong i veka. Til samanlikning oppgav 56 prosent det same i 2010.
Tala viser tydelege kjønnsforskjellar. Medan 44 prosent av gutane spelar kvar dag, gjer berre 14 prosent av jentene det same. 41 prosent av gutane spelar fleire gonger om dagen.

Jentene bruker på si side heller tida på sosiale medium. 53 prosent av jentene bruker sosiale nettstader som Facebook kvar dag mot 46 prosent av gutane.

Les også: Er på facebook mest på grunn av underhaldninga

Utviklar ferdigheiter
Pia Lang seier Trygg Bruk-senteret ikkje har teke stilling til kva som er for mykje, når det gjeld tida born bruker på nettet og andre medium.

– Det er ein evig diskusjon. Nokre psykologar meiner born opptil 3-4-årsalderen ikkje bør ha noko skjermtid i det heile teke. Vi er meir positive. Vi ser at borna utviklar ein del ferdigheiter gjennom spel og nettaktivitetar. For å bli fullverdige digitale medborgarar i dag, ser vi at det er det viktig å byrje tidleg, seier ho.

– Hovudmålet vårt er at born og unge skal bli sjølvstendige og fornuftige brukarar av digitale medium. Undersøkinga viser også at foreldre har ei svært viktig rolle å spele her, avsluttar ho.

Les også: Ingen samanheng mellom bruk av Facebook og depresjon