Kaizers Orchestra lanserer virus-app

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lanserer virus-app

Kaizers Orchestra legg lagnaden til det komande albumet «Violeta Violeta Vol III» i hendene til fansen. Med appen «The Kaizervirus» skal no den første låten spreiast. Smitten, som i første omgang inneber låten «Aldri vodka, Violeta», blir overført ved fysisk kontakt med ein smitteberar. Når smitten har spreidd seg bra, blir fleire låtar sleppt gjennom appen. Lanseringsdatoen for albumet er dermed avhengig av kor fort viruset spreier seg.

Nærare 1.200 personar har søkt om å få spreie det første kaizerviruset. Bandet valte storfan Steffen Berland frå Hordaland, som dermed får eit stort ansvar.

– Steffen blir å rekne som den sjuande medlemmen i Kaizers i dagane som kjem, seier vokalist Janove Ottesen i ei pressemelding.

– Eg føler eit ganske stort ansvar og merkar alt trykket frå andre fans som vil ha viruset. No skal eg til Torgallmenningen for å møte vener og spreie det første viruset. Deretter skal eg prøve å komme meg til Oslo for å spreie vidare der, seier smitteberar Berland. (©NPK)