Stoltenberg-grovis på landsstyremøte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grovis på landsstyremøte

I samband med at det berre er eitt år til neste stortingsval, begynner mobiliseringa. 

– No er det eitt år igjen til neste stortingsval. Det er eit val vi skal vinne saman, sa statsminister og Ap-leiar Jens Stoltenberg i talen sin til landsstyret til partiet i Oslo tysdag.

Har skapt vakker "reisning"
Stoltenberg kunne koste på seg å dra fram kofferthumoren på landsstyremøtet tysdag: 

– Vi styrer Noreg i rett retning og har teke ansvar i sju år. Noreg er eit lite land, men saman har vi vist at vi kan oppnå store ting, heldt statsministeren fram før han viste ein graf over veksten i sysselsetjing og skrytte av det han kalla den vakre reisninga til kurva dei siste åra. Ordvalet skapte ein viss latter i møtelyden, før Stoltenberg igjen vart alvorleg og slo fast at politikken hans har ført til ny norsk rekord i talet på arbeidsplassar.

– Eg veit veldig godt at vi ikkje vinn val på det vi har gjort. Men det hjelper å vise til at ein kan regjere når ein ber om fire nye år til å regjere, sa Stoltenberg