Serverer bandsalat og rørleggjarsprekk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rørleggjarsprekk og bandsalat i bok

Bandsalaten (lydband som tyt ut og lagar ugreie, VG 1977) er blant 10.000 oppslagsord med opplysning av kvar og når det dukka opp første gong. Her vert nyheiter i ordforrådet i åra 1976– 2005 dokumentert, som «rørleggjarsprekk» (synleg rumpesprekk over bukselinningen, på svensk Jällivare-häng). Han kom første gong til syne i VG i august 1998, ifølgje boka. Førre utgåve av «Nyord i norsk» kom i 1982 og dekte tidsrommet 1945– 75.

Boka viser korleis samfunnsutviklinga har sett spor i språket. For eksempel har innvandring, auka likestilling og teknologisk utvikling gitt oss nye ord – for eksempel calzone, pressetalskvinne og musesjuke. Meir alvorlege sjukdommar dukkar stadig opp – HIV-positiv stod første gong hos nyheitsbyrået NTB i 1986. Seinare blei ordet vanleg med små bokstavar.

– Nye ord kjem stadig til. Nokre av dei er døgnfluger, men andre slår så godt rot at det er vanskeleg å forstå at dei ikkje alltid har vore ein del av språket vårt, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

LES OGSÅ: Veit du kva du snakkar om?

Mest norsk
Det er Universitetet i Oslo og Språkrådet som har samla nyorda, medan hovudredaktørane Tor Guttu og Boye Wangensteen har hatt arbeidet med å sile ut kva som skal få vere med. Eit mødesamt arbeid blant millionar av ord. Hovudregelen har vore at ordet får 10– 15 treff i mediearkivet Atekst, som omfattar NTB og dei fleste norske aviser. Det viser at ordet er i bruk til ein viss grad. Frå starten i 1998 har Norsk Aviskorpus vore eit svært godt hjelpemiddel, ein database med alle nyord frå ei rekke norske aviser.

Mange trur at nyord først og fremst kjem frå andre språk, særleg engelsk. Dette ser ikkje ut til å stemme, seier redaktørane.

– Nei, dei aller fleste nyord er faktisk gamle kjente. Dei består av to eller fleire kjente ord som er sett saman til eit nytt ord. Filologisk ikkje så interessant, smiler Guttu. Både han og Wangensteen er nestorar i norsk ordboksarbeid, begge nyleg pensjonerte.

– Då er det meir spennande med kjente ord som får ny betydning, det er snadder. Ta for eksempel «fokus». Heilt sidan 1960-talet har betydninga flytta seg, og no kan det jo bety nesten kva som helst, seier han.

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

Feil
Likevel skal ein ikkje leite lenge i boka for å finne utanlandske ord, særleg namn på mat og drikke som får eit stadig meir internasjonalt preg. Tacoskjel (1990), shot (1992) og caffè latte (1988). Sistnemnde står med fire ulike skrivemåtar, og redaktørduoen er tydelege på at dei skildrar situasjonen, dei predikar ingen spesiell form for rettskriving.

– Det er ein del feil språk i denne boka. Og så må vi nemne eit ord som truleg forsvinn i neste utgåve, det er sjampis, seier Guttu.

Det viste seg nemleg at ordet slett ikkje var nytt, men stod å lese i Riksmålsordboken frå 1930-talet, berre stava med ch. (©NPK)

LES OGSÅ: SMS – Setningar Med Smilefjes?

Kva for eit nyord likar du best?