– Fangar lidenskapen gjennom linsa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Zoomar inn på lidenskapen

– Du køddar. Det er ikkje sant.

Yousef Shamari (18) trudde først ikkje det då det blei klart at han hadde vunne fotokonkurransen til Framtida.no og Magasinett.

No møter me han i Oslo sentrum. Kameraet hans er med han, som så ofte elles.

– Det starta som ein hobby då eg begynte på vidaregåande. Eg kjøpte kamera for alle stipendpengane mine.

No går han i tredje klasse på Fyrstikkalleen skole i Oslo, der han òg er elevrådsleiar.

– Eg likar å ta bilde av natur og av menneske, seier han.

– Bilda fortel historiene mine. Eg vil fanga lidenskapen i bildene.

LES OGSÅ: Vann med bilete av broren

Her er bildet som Yousef Shamari vann med.

Andre gong han vinn
Det er ikkje første gong Yousef Shamari vinn ein fotokonkurranse. Han blei òg publikumsvinnaren då Norsk Form arrangerte ein konkurranse i samband med ei utstilling på Design- og arkitekturmuseet.

Bildet han vann med i konkurransen til Framtida.no og Magasinett, viser bror hans, medan han blæs frøa frå ein avblomstra løvetann. Juryen fall for biletet, og kalla det kunst.

– Eg hadde hovudverk den dagen, og tok med bror min til Stovnersenteret for å kjøpa ein is. Bror min blei litt gira av alt sukkeret, og eg sette meg på ein benk.

Då såg eg augneblinken, utan at bror min fekk med seg det. Klikk. Så var bildet der, fortel han.

– Bildet vil fortelja meg noko. Bildet fortel at han ventar på noko, og ventar på svar.

Vil hjelpa andre barn
Yousef Shamari fekk mykje merksemd for ein kronikk som han skreiv i Framtida.no i fjor, som handlar om å vera statslaus. Yousef kom til Noreg for 15 år sidan, men har framleis ikkje fått det vesle raude passet. Men nokre månader etter han skreiv kronikken sin, lovde barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken (SV) han at han og fleire statslause born som har budd lenge i Noreg, skal få statsborgarskap.

– Eg ventar enno på passet, seier Yousef. Han er utolmodig. Skjønar ikkje kvifor det må ta så lang tid. Frå saksbehandlaren sin i UDI har han høyrt at det kan ta eitt år. Til Framtida.no seier UDI at det vil ta kortare tid, og det blir gjort så fort som mogleg.

– Livet mitt har ikkje vore slik det bør vera, seier Yousef.

– Men eg har kome meg gjennom situasjonen, og det har gjort meg sterkare, legg han til.

LES OGSÅ: Verdas største fototevling

Vil ta bilde i Afrika
– Kva vil du jobba i framtida?

– Eg har lyst til å jobba med barn som har problem. Barnevernet, eller noko. Eg har lyst til å tena pengar og betala skatt.

Yousef Shamari vil halda fram med å ta bilde i framtida òg. Når han får passet vil han reisa utanlands å ta bilde.

– Eg har ein draum å reisa til Afrika. Eg har lyst til å framstilla Afrika meir positivt enn det blir gjort i media i dag. Eg er veldig glad i Afrika, og har lyst til å reisa rundt å ta bilde, seier han.

SJÅ ALLE BILDA I FOTOKONKURRANSEN HER!