stilla, redsla

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

eg har alltid tenkt på meg sjølv som ein musikar; ein komponist, eitt av utallige sisteledd i ei ubrote lekkje av tonediktarar, strekt ut frå vår tid og heilt attende til prestinna edehuanna i ur, den fyrste komponisten me veit om. utallige samfunn og rike har vakse til og falle, og musikarane har spegla tilveret i tonar, forma av smaken, skikkane og teknologien som høyrde deira tid til. eg høyrer til mellom desse, tenkjer eg, dei er mine forfedrar og -mødrer, ikkje i blod, men i kunne og lynne. desse som aldri fann seg til rette i jordbruket eller byråkratiet, tykte filosofane og vitskapsfolki var for glade i ord og ofra liv og vener for vissa om å ein gong finne plassen sin i historiebøkene og fylle gapet mellom to ledd i den endelause lekkja.

sist torsdag tok eg på meg ei prikkete tversoversløyfe, pakka ein minnepinne og ein brenne-dvd og sette meg på toget til new cross. frå stasjonen gjekk eg opp new cross road, såg bort på favorittkafeen min, the london particular, og snudde nasen oppover mot lewisham way. medan eg venta på å få grøn mann såg eg opp på den majestetiske, raude fasaden med blokkbokstavar mellom søylene; goldsmiths college. eg gjekk fort over vegen, heldt jenta mi hardt i handa og skauv opp den tunge inngangsdøri.

og sjølvsagt var det lunsjtid. eg hadde arbeidd meir eller mindre i eitt sidan førre oktober, men då masteroppgåva mi endeleg skulle leverast, den viktigaste dagen i mitt akademiske liv, kolliderte eg med lunch hour. trommeslagaren i hovudet mitt som hadde bygd opp kvervelen mot denne augeblinken, stilna skuffa og slengte frå seg stikkene mot kranieveggane mine. det vart heilt stilt og plutseleg kunne eg ta dagen innover meg.

me venta på ein benk attom bygget, vart sitjande og prate medan me kvilte augo på den store plenen og dei høge bygningane med namn etter tidlegare studentar og rektorar. såg dei andre studentane tusla forbi oss, dei lo og prata om dei daglege trivialitetane, ting som dukkar opp på vegen frå ei førelesing til ei anna og som ikkje varer lengre enn akkurat den stundi, men forsvinn der og då, sviv mellom trei, svingar over brockley og vidare vestover, før dei kverv ute i atlanteren ein stad.

alt me sa den dryge halvtimen vart verande i minnet mitt, og blir nok med meg, i ei eller anna form, heile livet. dei som gjekk forbi visste ikkje kva dag det var, dimensjonane av kva som for gjennom hovudet mitt, eit solsystem av tankar og redsler, kriblingar og leikande elektrisitet, flaksande kring dei indre øyro mine. eg var ferdig, for fyrste gong sidan 1997, skulle eg ikkje på skulen meir. eg kan ikkje utsetja ting lenger, syte over skulepresset, laga unnskyldingar for å ikkje lukkast. før har den ansvarlege tingen å gjera alltid vore å fokusere på skulen så mykje som mogleg, no er alt snudd, og eg skal ikkje nekta for at det av og til skræmer vitet av meg.

eg veit jo at eg kan ein masse greier, det er ikkje det. men før har eg på ein måte blitt måla opp mot dei eg har studert med, og ymse akademiske mål, gradar av sjølvstende, kreativitet, tekniske ferdigheiter. sist torsdag opna det seg eit nytt sett med standardar; frå og med då skal eg målast opp mot ei fleire tusen år lang lekkje av komponistar og musikarar. eg skal ut og kjempa for min ring i lekkja, svinge sverdet for å få rom kringom meg, lyfte rundskjoldet og verna dei små, ubetydelege tonerekkjene mine med alt eg har.

for ingen fær plassen sin utan kamp. ein kan få merksemd gratis, pengar og berømming, men berre tidi og dei som kjem etter kan gjeva deg plass i historia, vere han stor eller liten. og for mange har han kosta; mozart døydde fattig og åleine, full av uhøyrde symfoniar og sonatar, chopin for kvilelaust kring til tæringi endeleg knekte han, 39 år gamal, tchaikovsky døydde i skam berre dagar etter premiera på den sjuande symfonien hans, homofil og utstøytt av alle. me som kjem etter kan utallige slike soger og fråtsar i lagnadene deira, opphøgjer det store offeret. som militære hyllar dei som gjev sine liv for saki, hyllar me dei som gav for musikken, skreiv sorgi ut i tonar, til botvon for oss. me lengtar etter å bli like store som dei, men vil ikkje dela deira dystre lagnader. alla vil til himlen men ingen vil dö.

så kvar står eg; uteksaminert komponist, melankolsk drøymar, norsk middelklassebarn i fattige sør-london. vegen attover til dei store tonediktarane verkar lang og ulendt, men eg er rusta til strid, tenkjer eg iallfall, med ein kaffikopp på balkongen i den kvitmåla, vesle leilegheiti vår i sør-london. full av ærefrykt for dei som står attom meg og utan visse om det som kjem, i ei verd som endrar seg fortare enn nokon gong. livredd og supermotivert, ropande utan lyd, velutdanna utan tryggleik, berre med eit svakt instinkt om kvar eg trur ein himmelstige kan finnast, ei kiste i enden av regnbogen, ein liten gullring med namnet mitt og eit hol i den store lekkja ein stad, der ringen min kan få plass.

Først publisert på Magasinett.