Slik kan Vestlandet bli ferjefritt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det fortel prosjektleiar for Ferjefri E39 Olav Ellevset i Statens vegvesen til Nynorsk pressekontor etter at den ferjefrie kyststamvegen torsdag var tema for ein konferanse i Molde.

På konferansen vart det mellom anna lagt fram status for prosjektet og kva effektar ein ferjefri veg har for samfunnet. For første gong blei det presentert ei utbygging med tre ulike ambisjonsnivå.

– Det maksimale er ei utbygging på 130 milliardar kroner. I tillegg til å kryssa fjordane, inneber det full utbygging av vegnettet med god, ny veg mellom fjordane, seier Ellevset.

Han fortel at dette vil korta ned reisetida mellom Kristiansand og Trondheim med mellom åtte og åtte og ein halv time. Det betyr at reisetida blir redusert frå rundt 20 til cirka 11,5 timar.

LES OGSÅ: Brua som lagar grøn energi

Ulike alternativ
– Så har vi det andre ytterpunktet der vi ser på kva ein kan spara ved berre å kryssa fjordane. Det gjev ein tilsvarande reduksjon i reisetida på frå 20 til 15 timar, altså fem timar kortare. Kostnadsramma er her 60 milliardar kroner.

– Vi har også ein variant til rundt 100 milliardar kroner som ligg midt imellom, seier Ellevset. Dette alternativet omfattar alle fjordkryssingane og oppjustering av delar av vegnettet.

LES OGSÅ: – Lyntog løner seg

Han fortel at halvparten av vegane som er tenkt oppjustert, ligg mellom Kristiansand og Stavanger. Dette vil korta ned reisetida med rundt sju timar, frå 20 timar i dag til rundt 13 timar med ferjefri og betre veg.

– Dette alternativet vil spara vegbrukarane for mellom fire og seks milliardar kroner i året i vegkostnader, drivstoff, køyreslitasje og tidskostnader.

(teksten held fram under videoen)

Større regionar
Ein ferjefri kyststamveg vil også merkast på andre område. Ellevset nemner mellom anna verdien av at regionane blir større.

– Det blir til dømes større bu- og arbeidsmarknad, større tilgang på arbeidskraft for næringslivet, større og kraftigare næringsklyngjer og meir føreseielege transportkostnader for næringslivet.

Han seier at ein ferjefri kyststamveg på lengre sikt også kan verka inn på samfunnsstrukturen elles både når det gjeld samferdsel, sjukehus, flyplassar og utdanning.

LES OGSÅ: Stoltenberg: – Vegbygginga har gått for treigt

– Men dei samfunnsøkonomiske konsekvensane er vanskelege å få fram, fordi det manglar metodikk og andre prosjekt å samanlikna med.

– Kva tidsperspektiv er det på prosjektet?

– Viss det blir grønt lys, vil det ta tjue år, men det blir eit politisk spørsmål, seier Ellevset.

Det treårige prosjektet til Statens vegvesen om ein ferjefri kyststamveg skal vera ferdig i andre halvdelen av 2013. (©NPK)

Kva synest du om planane? Korleis vil du helst kryssa dei store fjordane?