Frp i stort fall på ny måling

Har ikkje fått dårlegare måling sidan 1996.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har aldri vore mindre populær

Arbeidarpartiet går fram 2,1 prosentpoeng til 30,8 prosent og nærmar seg Høgre på ei måling som InFact har laga for VG. Framstegspartiet fell 4,4 prosentpoeng til 10,4 prosent.

Høgre går fram 0,1 prosentpoeng til 33,8 prosent på septembermålinga. Kristeleg Folkeparti har ein framgang på 1 prosentpoeng til 6,3 prosent og Venstre fell 1,1 prosentpoeng til 4,5 prosent.

Regjeringspartnarane til Ap går begge fram: Senterpartiet går fram 1,3 prosentpoeng til 5,2 prosent og Sosialistisk Venstreparti aukar oppslutninga si med 0,4 prosentpoeng til 4,6 prosent. Rødt går fram 0,7 prosentpoeng til 2,2 prosent på InFact-målinga. (©NPK)

Kven håpar du vinn valet til neste år?