Fann slektning til den livsfarlege "svart enke" i Noreg.

mm

Ein varm junidag for to år sidan klatra insektforskaren Arne Fjellberg opp på ein tørr åsrygg i Gudbrandsdalen like sør for Dombås. Mens han såg ut over dalen snudde han på ein flat stein. Under steinen sat ein liten brun edderkopp og vakta egga sine. Det var starten på ein intens edderkoppjakt som avslørte ei rekkje artar som ingen trudde var i Noreg.

Det vart raskt slått fast at den ukjende edderkoppen tilhøyrte same familie som dei berykta svarte enkene (Theridiidae). Medan enkene er i slekta Latrodectus, tilhøyrde nykommaren slekta Enoplognatha.

LES OGSÅ: Sjekk den gaupa!

Frå pusztaen til Dovre
Etter diskusjonar i fagmiljøet var konklusjonen klar. Fjellberg hadde funne Enoplognatha serratosignata på Dombås, ein art som har kjerneområdet sitt på pusztaen, dei vidstrakte steppene i Ungarn, og vidare austover inn i Asia. I år vart òg fleire hannar av arten funne, denne gongen i Skjåk, og difor kunne ein med tryggleik slå fast arten.

– Det var totalt uventa å finna denne, seier Arne Fjellberg til Framtida.no. Og endå meir spesielt: på nokre tørre stader nord i Gudbrandsdalen er edderkoppen den mest vanlege og veldig lett å finna.

LES OGSÅ: Kongeørn gjekk til åtak på bonde

Giftig – men ikkje for menneske
Store biller og maur må gi tapt for dei sylskarpe kjevane og gifta til edderkoppen.

– Edderkoppen er ufarleg for menneske, og ikkje meir giftig enn andre edderkoppar i Noreg, seier Fjellberg.

Det kontinentale klimaet med lite nedbør, tynt snødekke, varme somrar og kalde vintrar er truleg årsaka til at artar som er tilpassa steppene i aust trivst i Gudbrandsdalen og Ottadalen.

Éin teori er at edderkoppane har spreidd seg over lange avstandar til Noreg ved hjelp av vinden. Ved hjelp av ein lang silketråd har dei blitt ført av garde. Tidlegare har ein funne edderkoppar som har flydd 1600 kilometer til havs på denne måten, ifølgje artsdatabanken.no.

LES OGSÅ: Gode utsikter for sopphausten

Har funne 88 nye artar
– Det er veldig spesielt at ein finn slike artar i Noreg, seier Frode Ødegaard til Framtida.no. Han er seniorforskar ved Nina, Norsk institutt for naturforsking, og leiar eit forskingsprosjekt i regi av Artsdatabanken. Ødegaard fortel at dei har funne 88 nye artar i Noreg gjennom dei siste åra. Han ventar å finna nye artar framover.

– Det er mange insekttypar som er dårleg kartlagt. Det finst mange isolerte bestandar, og det er eit kjempeviktig arbeid som blir gjort, seier Ødegaard.

LES OGSÅ: – Vi har løyst honninggåta

Han legg til at ein har kome langt på både bier og stikkande veps.

– Sjølv om ein ser ein trend ute i verda at bier døyr ut, så har me funne fleire nye typar bier og veps i Noreg.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

Kommentarar

ANNONSE