Verdifulle dråpar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Sand, sand og atter sand omkransar surfebyen Arica i Nord-Chile. Dei brune åssidene fortel sanninga om den tørraste ørkenen i verda. I delar av denne ørkenen har det aldri blitt registrert regn. I dalføret som leier ut mot byen slynger den viktigaste kjelda til vatn i området, Lluta-elva, seg framover og lagar eit grønt oasebelte i det brune, frå Andesfjella ned til Stillehavet. Nesten alle husa i området ligg i botnen av denne dalen, omkransa av grøne grastustar og sandfarga tre. Livet i Atacama-ørkenen er organisert kring det ferskvatnet som finst.

Den usynlege handa
Den chilenske diktatoren Augusto Pinochet omregulerte på 1980-talet vatn frå å vere eit offentleg gode til å vere ei handelsvare. No skulle marknaden si usynlege hand fordele drikkevatnet. Statlege og private selskap byrja kjøpe og selje rettar til vatn. Særleg i byane gjekk prisane på vatn opp. Etter Pinochets fall i 1990 tok ei sentrum-venstreregjering over. Dei privatiserte vatnet fullstendig i 1998. Den heilprivatiserte løysinga landet no har, er unik i verda.

Arica er ein av mange byar i Chile som i dag har kronisk mangel på vatn. Ein rapport frå Japans internasjonale samarbeidsorgan (JICA) seier at Arica vil ha seriøse problem med vasskvalitet og tilgang på vatn frå 2015.

«Privatiseringa er ei hovudårsak til at det no er konfliktar om vatn i Chile. Me vil at innbyggjarane her i Arica, ikkje dei private selskapa, skal kunne bestemme over vatnet», seier Bernadita Araya Blanca. Ho er aktiv i Forsvarsnettverket for miljøet i Arica og Parinacota. Det er eit nettverk av 40 lokale miljøorganisasjonar. Blanca sit i stua si, omgitt av dinglande uroar i taket, hyller fulle av tradisjonelle pyntegjenstandar i keramikk og ein hund kvilande ved føtene. Ho meiner privatiseringa fører til dårleg miljøpolitikk. Blanca er særleg uroa for gruveaktiviteten, som ho meiner hindrar tilgangen til reint vatn i området.

Krevjande koppar
Chile produserer i dag om lag ein tredel av kopparen i verda. Det er ei sentral inntektskjelde, men krev store mengder vatn og energi. Plasseringa av dei dyrebare minerala midt i ørkenen sett konflikten ekstra på spissen. Gruveselskapa har løyst dette ved å bruke grunnvatn i produksjonen. No skrumpar grunnvatnet inn. Det blir lenger og lenger mellom dei grøne oasane i Atacama.

Kopparprisane var i 2011 rekordhøge, noko som gjer at både gull- og kopparindustrien planlegg auka aktivitet. Planen er å auke kopparaktiviteten med 35 prosent og triple gulluthentinga innan 2020. Det betyr ei auke på 45 prosent i vassforbruket til gruveindustrien.

Klimaforandringar
Klimaforandringane ser heller ikkje ut til å gi meir regn i Chile. Ein rapport Det katolske universitetet i Santiago gav ut i 2009 spådde at klimaendringane ville gjere Chile varmare og tørrare dei neste hundre åra. Vêrfenomenet La Niña, som kjem av nedkjøling av vatnet kring ekvator i Stillehavet og gir tørke og høge temperaturar i Chile, kjem oftare og oftare.

«Det er ein alvorleg situasjon. Dette er det tredje året med tørke,” sa energiminister Rodrigo Alvarez til Reuters i februar. I 2008 kom den verste tørka på 100 år, og 200.000 menneske opplevde at vassreservane deira var truga. I år er det Sentral-Chile som er råka. Der er vassreservane no på 40 prosent av vanleg mengde.

Uavhengig av kor ein plasserer skylda for situasjonen, er det sikkert at mangelen på vatn råkar landbruket i regionen. Fleire stadar har bøndene byrja plante mindre, for å risikere å tape mindre ved tørke. Mindre mat blir produsert, og talet på arbeidsplassar i landbruket går ned.

Usemje om årsaker
På eit kontor i sentrum av Arica sit Nicolás Calderón Ortiz. Han er regional direktør i styresmaktene sitt organ for miljøovervaking i landet, Servicio de Evaluación Ambiental. Han meiner ikkje gruvedrifta eller klimaendringar er hovudproblemet når det kjem til vatn i Arica. Derimot meiner han det handlar om uvettig bruk:

            «Miljørørslene her i byen har ikkje nok informasjon til grunnlag for arbeidet sitt. Problemet er ikkje gruvene, men jordbruket. Dei bruker ikkje moderne teknologi for å spare på vatnet, og dei rapporterer ikkje kor mykje dei bruker. Gruveselskapa rapporterer derimot offentleg om vassforbruket sitt.»

Utbygging på vent
Konflikten mellom den chilenske miljørørsla og styresmaktene har mange dimensjonar og finst i ei rekke lokale utgåver. No står mange av styresmaktene sine prosjekt for gruveutbygging, kraftutbygging og anlegg for avsalting av havvatn i stampe.

I Arica handlar ein av dei største lokale konfliktane om nasjonalparken rett utanfor byen, Lauca. President Piñera har sagt at han vurderer å fjerne nasjonalparkstatusen til mellom 5-15 prosent av parken, for å kunne byrje gruvedrift av gull, sølv og koppar. Dei forventa inntektene frå dette prosjektet er rekna å kunne nå 2 milliardar dollar.

«Me håpar dei nye planlagde gruveprosjekta ikkje vil bli godkjente. Dei bruker opp alt vatnet. Gruvene fører også med seg mykje avfall som råkar det vesle vatnet som er igjen», seier Araya Blanca. Ho meiner denne konklusjonen har vore vanskeleg å kome fram til for mange:

«Gruvedrifta er ei vanskeleg sak for oss. Dette er ein region med få arbeidsplassar. Mange av mennene her arbeider i gruvene». 

Vasskvalitet
Forsvarsnettverket er ikkje berre kritiske til at det blir mindre vatn. Dei meiner også at vatnet som er igjen får dårlegare kvalitet. Avfallsstoff frå gruvedrifta hamnar i vassreservata til innbyggjarane i regionen.

«Vasskvaliteten i Arica er dårleg. Det er bor og arsenikk i vatnet», seier Ortiz på det regionale miljøkontoret.

Lokale ekspertar var i november i fjor samde om at vasskvaliteten var dårleg, men at han var innanfor dei nasjonale krava. Bor er eit av fleire mineral som ikkje er med på lista over krav til vasskvalitet i Chile. Mellom 2001 og 2009 har mengda bor i drikkevatnet auka. I heile perioden har bor vore over det tilrådde nivået til Verdas Helseorganisasjon. I same periode har vatnet blitt hardare, opp til eit nivå som også er over det som blir tilrådd av WHO.

Lokal forsking viser at det er samanheng mellom inntektsnivå og kor mykje kjøpevatn innbyggjarane i Arica kjøper. Dei fattigaste er dermed meir utsette for dei negative helsekonsekvensane vasskvaliteten gir.

Nettverket for forsvar av miljøet i Arica og Parinacota krev lokal råderett over vatnet. På nettsidene sine er dei skeptiske til at nokon frå ”utlandet eller Santiago” skal kunne styre den dyrebare ressursen. Blanca meiner privatiseringa er urettferdig:

«Ifølgje vasslova må alle betale for vatn, men dei store vasseigarane treng ikkje gjere det. Dei kan bruke det dei vil. Dei betaler heller ikkje skattar for det. Problemet er at myndigheitene sjølv består av businessfolk. Dei sett sosiale spørsmål bak prioriteringa av pengar.»

Sveitting for vatn
I vår sprang ei gruppe menneske for å auke merksemda kring vassituasjonen i Latin-Amerika. Dei sveitta seg gjennom 14.000 kilometer, over 112 dagar, gjennom 14 land frå Nord-Mexico til Sør-Chile, som kampanjen ”Amerika spring for vatnet” (America corre por el agua). I februar kom kampanjen springande til Arica.

Dei chilenske styresmaktene har blitt paralyserte i utbyggingsplanane, men problemet med vassrettar er ikkje nærmare noka løysing. Innbyggjarane i Arica held fram med å diskutere og protestere, mens livsnerven i byen, Lluta-elva, stadig krympar inn. Sjølv ikkje ei gruppe sveittedrypande joggarar har klart å endre på det.

 

Har vore på trykk i Mål og Makt.