Ein sporty 20-åring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Professor i medievitskap, Knut Helland, svarar på spørsmål om TV2:

Kva gjorde TV2 sitt inntog med mediesituasjonen i Norge?
– TV2 kom på ei tid då mediesituasjonen i Norge allereie var i endring, då dei kommersielle kanalane TV Norge og TV3 allereie var kome på bana. Det er difor vanskeleg å seie kva som er resultat at TV2 sitt inntog, og kva som kjem av generelle endringar. Men med TV2 fekk ein eit nytt og annleis tilbod; ein kommersiell allmennkringkastar.

Kva positive verknader hadde dette?
– At kanalen var så nyskapande førte til ei knoppskyting. Fleire tiltak vart etablert med TV2 som grunnlag. Døme på dette er metrologisenteret Storm som fekk ein enorm suksess. Det vart òg opna på nye måtar for uavhengige produksjonsselskap, noko som var viktig for miljø utanfor Oslo, samstundes som produksjonsmiljøet i Oslo i stor grad blei styrka.

Korleis verka dette inn på NRK?
– NRK, som tidlegare hadde hatt lite konkurranse, måtte no fornye seg for å konkurrere. NRK måtte bli meir medvitne på korleis dei skulle byggje ein attraktiv kanal, og måtte vere opptekne av oppslutning og popularitet på ein ny måte.

Kva er det hovudsakleg som har gjort TV2 til ein suksess?
– Dei la vekt på korleis dei la opp programma, og pakka inn programma på nye måtar. Konseptet "Seriemesteren" er eit døme på dette, der sjåarane kvar tysdag visste at dei då kunne sjå seriar på TV2. Slik skapte dei eit medvit hos folk om når ein kunne sjå kva, noko NRK fort tok etter. Måten dei utvikla Sporten var òg nyskapande. Dei fann fram til nye måtar å formidle på, mellom anna ved å ta i bruk sportsutøvarar som ekspertkommentatorar og formidlarar i sendingane. Eg har gjort analysar av forholdet mellom sport og media, og det er tydeleg at TV2 har vore utviklingsdrivande i forhold til sportsfeltet for å trekke sjåarar, og slik også annonseinntekter.

Korleis kjem dette fram i Sporten i praksis?
– Noko av det som trakk sjåarar til TV2 var den kjappe replikkutvekslinga i avslutningssekvensen av nyheitssendinga klokka ni om kveldane. Måten Pål T. Jørgensen overleverer ordet til Davy Wathne i Sporten, med ein spøkefull tone, var heilt ny i nyheitsformatet. Mange hugsar nok også den gongen Jørgensen gjekk frå studio før sendinga var over, noko som førte til mykje omtale i ettertid. Etter kvart kunne ein sjå på sjåartala at fleire kom innom kanalen på slutten av nyhendesendinga. Med dette fekk TV2 òg auka annonseinntekter, då folk hang med inn i reklamepausen som kjem rett etter.

Korleis har TV-vanane til folk endra seg dei siste 20 åra?
– Folk ser meir på TV enn nokon gong, og folk sit gjerne på PC medan dei ser på TV. Det er ein enorm industri no som er ute etter merksemda di, som slår inn i arbeidsdag og studiedag. Og også i natta; TV-kvelden blir strekt lengre. Programma vert lagt opp slik at sjåarane skal bli ved kanalen lengre ut over kveldane.

Er det nokre underhaldningsprogram som har hatt spesielt mykje å seie for kanalen sin suksess?
– Dei innkjøpte konsepta har hatt mykje å seie, særleg program som Idol og The Voice som gir «vanlege» folk ei plattform der dei kan konkurrere. Finalen i Idol kan seiast å ha blitt ein nasjonal mediestorhending. Medvitet om å nå ut til «vanlege» folk har vore stort, mykje på grunn av marknadsinteresser. Også eigenproduserte program som til dømes Farmen, har vore gode trekkplaster.

Korleis ser dei neste 20 åra ut for TV2?
– Det er vanskeleg for meg å seie, og det er vanskeleg for den tradisjonelle TV-verksemda å vere strategisk i dette landskapet. Då TV2 kom hadde vi ikkje tilgang til så mange kanalar, medan vanlege folk no har tilgang til kanalar både gjennom PC og TV. No må kanalane konkurrere, ikkje berre med kvarandre, men også med sosiale medium som Facebook. TV2 må tilpasse seg ei ny medieverd. Ein annan ting er at TV2 har mange spesialiserte kanalar, noko som kan føre til ei fare for kannibalisme. At ein mister sjåarar frå hovudkanalen til nisjekanalane, noko som utfordrar TV2 si rolle som kommersiell allmennkringkastar.

LES SAKA I STUDVEST!