Under Ung Film-festivalen denne helga var pengefordelinga til unge filmskaparar eit av temaene.

Sondre Åkervik og Pål Kvalnes, Studvest
Sondre Åkervik og Pål Kvalnes, Studvest
Faktaboks

– Ung Film er ein filmfestival i Bergen for unge filmskaparar, og held til på Knipsu og USF Verftet.
 – Laurdag var produksjonsselskapet «Vapen och Dramatik» innom Verfet og prata om sine tankar rundt film.
 – Mellom anna kritiserte dei Norsk Filminstitutt (NSI) for strenge støtteordningar til film.
 – NFI er statens forvaltningsorgan for film og såt for største del av offentlege midlar til norsk filmproduksjon.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Profesjonelle filmproduksjonsselskap har mykje makt og det er vanskeleg for mindre aktørar å kjempe mot desse, seier Mariken Halle.

Saman med Clara Bodén og Ronja Svenning Berge utgjer Halle trioen «Vapen Och Dramatik» – eit norsk-svensk filmproduksjonsselskap som laurdag heldt eit fire timers føredrag for unge filmentusiaster på USF Verftet.

Der snakka dei mellom anna om problema med dei offentlege støtteordningane for film i Norge.

Strengt regelverk
Slik regelverket er idag blir det stilt strenge krav til kven som mottek støtte til filmproduksjon. For strengt, ifølge «Vapen Och Dramatik». – Måten vi har blitt møtt på av Norsk Filminstitutt (NFI) vitnar om ein manglande kom

Veksesmerter i film-NorgeDet er NFI som deler ut støtte til filmprosjekt i Norge. «Vapen Och Dramatik» søkte tidlegare i år om støtte for langfilmen «Verden Venter» Søknaden vart avvist to gongar med same grunngjeving: for lite erfaring.

LES OGSÅ: Fekk jobb etter Titanic-suksess

Til Sverige for støtte
Avdelingsdirektør i NFI, Ivar Køhn, utdjupar at pengesummen som det søkjast om avgjer kor vanskeleg det er å få støtte, og derfor har langfilmar strengare krav enn kortfilmar.

– Utan erfaring frå spelefilm er det vanskeleg å få støtte, og det er generelt mindre krav til kortfilmar, forklarer Køhn.

Han seier vidare at ambisjonsnivået må vere realistisk om ein skal få pengestøtte. Omgrepet «betydelig profesjonell erfaring» er avgjerende for kva filmskaparar som får støtte til langfilmar.

Og det er altså her stridens kjerne ligg. Filmmagasinet Rushprint publiserte tidlegare i år konflikten i eit ope brev signert Mariken Halle.

– NFI var ikkje villig til å diskutere omgrepet «betydelig profesjonell erfaring» inngåande då vi tok opp debatten. Dei ønsker at unge skal knytte seg til profesjonelle selskap, fortel ansvarleg redaktør i Rushprint, Kjetil Lismoen.

For å få midlar til å gjennomføre prosjektet gjekk «Vapen och Dramatik» til Svensk Filminstitutt (SF) og fekk omsider bevilga 2,7 millioner i produksjonsmidlar.

LES OGSÅ: Gratulerer Kon-Tiki med rekord

Ueinige
Filmskaparane er ikkje einige i måten NFI avgjer støttefordelinga.

– Det er sjølvsagt eit privilegium å ha eit slikt støttesystem som vi har, men vi har sakna større fleksibilitet og audmjukskap frå NFI. Vi føler vi ikkje har fått forståing for filmproduksjonen vår, då vi vart bedt om å gå til ein erfaren norsk produsent for å få støtte. Det hindrar nyskaping, meiner Halle.

LES OGSÅ: Brørdrene Løvehjerte skal filmast på nytt

Ingen ødsling med midlar
Magnus Lysbakken er deltakar og tidligare medarbeidar i Ung Film og har fått anerkjenning for sitt filmatiske talent ved å motta ein studentfilmpris i Las Vegas for kortmusikalen «Dewey». Han fortel at systemet rundt støtteordningar for film er komplisert.

– Utenom ungdomsordninger som «Frifond» er det ikkje så lett å få pengar i Norge. Det er vanskeleg å få pengar av NFI også når ein har mykje erfaring, så det skal logisk nok mykje til for at unge skal få midlar av dei, fortel Lysbakken.

Lysbakken har tidligare studert film i Ebeltoft i Danmark og planlegg vidare filmstudiar i København.

– Det seier seg litt sjølv at NFI ikkje ødslar ut med statens filmmidlar til folk utan erfaring, legg Lysbakken til.

Rushprint-redaktør Lismoen understreker at «Vapen och Dramatik» kan tape på å måtte knytte seg til etablerte selskap.

– Med «Vapen och Dramatik» ser ein ein vitalitet og energi som ein ikkje treng kanalisere gjennom eit etablert selskap, då forsvinner dette fort, meiner Lismoen.

LES SAKA I STUDVEST!

LES SISTE FILMNYTT HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE