Prisar Mette Karlsvik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Karslvik debuterte i 2005 med romanen «Vindauga i matsalen vender mot fjorden», som ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Juryen for Stig Sæterbakkens Minnepris viser til at ho alt då viste eit særeige uttrykk som er karakteristisk for forfattarskapen. Ho har ein spesiell poetisk stil som kjem til sin rett i så ulike sjangrar som romanar, barnebøker, artiklar og skodespel, heiter det i grunngjevinga til juryen.

Mette Karlsvik er frå Frei på Nordmøre, men bur i Oslo.

Stig Sæterbakkens Minnepris er på 100.000 kroner og går til ein forfattar med overtydande litterære kvalitetar, originalitet og mot til å skape eigne prosjekt. (©NPK)

Les meir om og av Mette Karlsvik her!