Mindre fysisk aktive i Sogn og Fjordane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er unge mindre aktive

 

Dette stadfester ei ny kartlegging av helse, miljø og livsstil blant 11- og 13-åringar i fylket. Onsdag 5. september vert ei rad resultat frå den omfattande kartlegginga publiserte. Undersøkinga gjev data på kommunenivå og for fylket samla.

Tala viser at ungdom i dei aktuelle aldersgruppene i Sogn og Fjordane er mindre fysisk aktive enn ungdom på same alderstrinn nasjonalt og internasjonalt. Spørsmålet dei unge har svart på er kor mange dagar i veka dei er fysisk aktive i 60 minuttar. Her kjem altså unge frå Sogn og Fjordane dårleg ut.

Mellom gutar på 11 år er det berre 18 prosent av unge frå trivselsfylket som dagleg driv med fysisk aktivitet i ein time. Talet for Noreg er 27 prosent. For jentene er talet 8 prosent, mot 17 prosent nasjonalt. Forskjellen frå andre land er endå høgare.

LES OGSÅ: Får bygda opp av sofaen

Gjev viktig kunnskap for førebyggande arbeid
Undersøkinga gjev kunnskap om viktige tilhøve for ungdommane i aldersgruppene for både fylket som heilskap og for dei einskilde kommunane. Informasjonen utgjer eit godt grunnlag for aktivt og målretta førebyggande arbeid, både lokalt og på fylkesplan, heiter det i ei melding på fylkeskommunen sine nettsider.

Undersøkinga er ein del av arbeidet med å overvake helsesituasjonen etter ny folkehelselov. Dette er viktig for å fremje og understøtte folkehelsearbeidet.

LES OGSÅ: – Foreldre betalar kva som helst

25 av 26 kommunar har delteke
Undersøkinga set søkjelys på ei rad faktorar knytt til livsstil, trivsel, miljø og sosiale tilhøve.

– Vi må ha naudsynt oversikt over helsetilstanden, og kva som verkar inn på denne, for å drive eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff i fylkeskommunen.

25 av 26 kommunar i fylket har delteke i undersøkinga, og om lag 70 prosent av alle borna i årsklassane har svart.

11- og 13-åringane i Sogn og Fjordane har i mykje mindre grad prøvd tobakk og alkohol enn ungdom i Noreg og internasjonalt.