Farlegare å ta bussen enn å køyre bil
Det er farlegare å ta bussen enn å køyre bil i byen, slår svenske forskarar fast.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Farlegare enn å køyre bil
Forskarar ved Lunds tekniska högskola har undersøkt skaderapportane ved fire akuttmottak i Skåne og fann at heile 1.600 busspassasjerar vart skadde i ein fireårsperiode.
Blant dei skadde var det overraskande mange som hadde alvorlege brot- og hovudskadar, konstaterer trafikkforskar Anders Wretstrand.
LES OGSÅ: Fryktar for livet på bussen
Men dei fleste skadane kom ikkje av trafikkulykker, men fall mens bussen var i fart og uhell når passasjerar skulle stige av og på.
Alt i alt er det derfor farlegare å ta bussen enn å køyre bil i byen, konkluderer forskarane. (©NPK)
Kva meiner du skal til for at fleire skal bruka belte på bussen?